Vel gjennomførte Forskingsdagar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

d6922692b22b2f9527c6ac4eaf8255a7
                                                                                                      Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Forskingsdagane 2015 ved Høgskulen i Volda (HVO) hadde over 20 arrangement på programmet. Dei baud på eit breitt spekter av opplevingar og underhaldning for publikum, med alt frå sushi-workshop til verdspremiere på dokumentarfilm om bandet Vassendgutane.

– Interessante arrangement

Det trefte verkeleg folk på Sunnmøre. For besøkstala på arrangementa for Forskingsdagane nådde truleg ein ny topp i år. Nærare 1500 deltakarar var innom dei ulike arrangementa – om lag 300 fleire enn dei to siste åra.

– Det er svært hyggelege tal. Det viser at arrangementa våre var interessante for folk, og at vi klarte å tilby folk med forskjellige interesser og aldrar noko, seier Geir Tangen, koordinator for Forskingsdagane ved HVO.

Samstundes som Tangen gleder seg over det høge talet som tok del i Forskingsdagane, er han også oppteken av kvaliteten på dei ulike arrangementa og variasjonen i programtilbodet. Arrangement med litt færre deltakarar kan vere til stor nytte og glede for dei som deltok, meiner han.

– Det er viktig at vi treffer det rette publikummet. 20-30 deltakarar på eit arrangement kan vere godt fordi dei som møter opp, har nytte av det og interesserer seg for fagfeltet, meiner Tangen.

Stor mediemerksemd

Forskingsdagane fekk i år mykje omtale i lokale, regionale og nasjonale medium.

Workshopen til førsteamanuensis ved HVO, Erik Fooladi, om vitskap og mat vart besøkt av NRK Møre og Romsdal. Her kan du sjå reportasjen som vart laga då Fooladi med fleire testa ut om potetene vert møre i bacalaoen same kor lenge ein kokar dei.

På Fru Svendsen kunst og kulturkafé i Ørsta sette Fooladi sansane i spel då han med hjelp frå deltakarane ville finne ut om smaken av kaffi har nokon samanheng med musikk. NRK sitt velkjende radioprogram Her og nå var til stades og laga ein reportasje på arrangementet.

Mange med på laget

Tangen, som har koordinert Forskingsdagane, synest mange fortener eit solid klapp på skuldra for at dagane vart ein suksess.

– Eg vil nytte høvet til å takke alle foredragshaldarar og innleiarar, og alle andre som på ein eller annan måte har medverka ved HVO, Møreforsking og Studentsamskipnaden for Sunnmøre for vel gjennomførte Forskingsdagar 2015. Vidare vil eg takke frivillige lag og organisasjonar lokalt og regionalt, ulike offentlege institusjonar og private støttespelarar og samarbeidsaktørar for godt fagleg og praktisk samarbeid, seier Tangen.

Han er allereie i gang med å tenkje på neste års arrangement og har eit ønske om fleire samarbeidsarrangement under Forskingsdagane 2016, som vil gå føre seg i dagane 23.– 27. september. Det nasjonale temaet, som i år var mat, vert offentleggjort i månadsskiftet november/desember for neste år.

Del på