Velkomen til Forskingsdagane 2014

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

84448d1888cc5d20d14e6fe1496ee219

Koordinator for Forskingsdagane 2014, Geir Tangen, rektor Per Halse og prorektor Marie Nedregotten Sørbø ønskjer alle hjarteleg velkomne til årets arrangement.

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 20. gong. Det er Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv som står bak arrangementet.

Kommunikasjon på programmet 
Kvart år blir det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan.

– I år er det nasjonale temaet «Kommunikasjon» og vi har fleire arrangement som er knytt opp til dette. Du kan mellom anna få med deg seminar om krisekommunikasjon og krisehandtering, foredrag om «Selfies» og foredrag om kommunikasjon i møte med innvandrarar. Elles speglar programmet både Kulturminnedagane 2014 og Grunnlovsjubileet 2014. Vi er særs nøgd med eit innhaldsrikt program i år, og håper publikum synest det er både variert og attraktivt, fortel Geir Tangen, som er koordinator for Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda. 

Under Forskingsdagane i år har publikum høve til å ta del på arrangement både på dagtid og på kveldstid. I tillegg til arrangement på campus og i Volda blir det også halde arrangement i Ørsta, Herøy, Ulstein og Ålesund.

Samarbeid med lokale- og regionale lag og organisasjonar
– I år har høgskulen hatt eit godt samarbeid med mellom anna Jazzklubben Volda Ørsta, Eldreuniversitetet, Kulturminnedagane 2014, Aasen-tunet og Runde Miljøsenter, for å nemne nokon. Vi ønskjer å takke alle lokale og regionale samarbeidspartnarar for eit godt samarbeid, seier Tangen. 

I tillegg til at fagpersonar frå høgskulen held foredrag frå FoU-arbeida sine, har det også vore tradisjon at masterstudentar frå ulike utdanningar har fått høve til å presentere masteroppgåvene sine. I år vil masterutdanningane i nynorsk skriftkultur, spesialpedagogikk, kulturmøte, helse- og sosialfag, samfunnsplanlegging og leiing og dokumentar og journalistikk presentere ulike tema.

Gi tilbake til lokalsamfunnet 
– Høgskulen i Volda får mykje igjen frå lokalsamfunnet, og gjennom Forskingsdagane 2014 vil vi gi litt tilbake. Alle arrangementa er difor gratis og opne for alle. Vi oppmodar interesserte frå heile regionen om å nytte høvet og få innsyn i noko av den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda, fortel rektor Per Halse og prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

Del på