Velkomen til Forskingsdagane 2015

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

ae581cc4b47d911ed2ab84e632d87531
Frå venstre: Geir Tangen koordinator for Forskingsdagane ved HVO, Johann Roppen rektor ved HVO og Jens Standal Groven prorektor ved HVO.

Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg festival, som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 21. gong. Det er Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv som står bak arrangementet.

Noko for alle

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet mat.

– Vi som høgskule ønskjer å formidle frå vårt breie fagmiljø, som skal inspirere og engasjere folk. Det er arrangement for både barn, ungdom og vaksne – folk i alle aldrar passar inn hos oss, seier Geir Tangen, som er koordinator for Forskingsdagane 2015 ved Høgskulen i Volda.

Friluftslivets år 2015 vil også verte markert under Forskingsdagane i år.

– Vi har gode arrangement som er knytt opp mot det, seier Tangen.

Sjå heile programmet for Forskingsdagane.

Nasjonal støtte

Forskingsdagane opnar torsdag 17. september med arrangementet Matvitskap og matkultur. Det er ein «molekylær gastronomi-workshop» der ein forskar og ein kokk undersøker eit spørsmål eller påstand om mat. Temaet for denne kvelden er å undersøke påstanden om at potetene i bacalao ikkje blir mjuke uansett kor lenge ein koker dei.

– Dette er eit arrangement Høgskulen i Volda har fått nasjonal arrangementsstøtte frå Noregs forskingsråd til. Det er svært gledeleg, fortel Tangen.

I tillegg til arrangement på Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stadar i kommunane Volda, Ørsta og Ålesund. Arrangementa går føre seg på både dag- og kveldstid. Tradisjonen tru har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale lag og organisasjonar.

– I år har høgskulen hatt eit godt samarbeid med Klippfiskakademiet, Volda Bygdetun, Ivar Aasen-tunet, Eldreuniversitetet, Volda og Ørsta kyrkjeakademi, Friluftsforeninga i Volda og Volda Jeger og Sportsfiskarlag for å nemne nokre. Vi ønskjer å takke alle lokale og regionale samarbeidspartnarar og støttespelarar for eit godt samarbeid, seier Tangen.

– Moro med verdspremiere på Studenthuset Rokken

I tillegg til at fagpersonar frå høgskulen held foredrag frå forsking og utviklingarbeida sine, har det også vore tradisjon at masterstudentar frå ulike utdanningar har fått høve til å presentere masteroppgåvene sine. I år vil studentar frå nynorsk skriftkultur, undervising og læring, samfunnsplanlegging og leiing og dokumentar og journalistikk vise fram kva dei har arbeidd med.

Masterstudent i dokumentar og journalistikk Roger Oldeide har laga ein dokumentarfilm om det velkjende bandet Vassendgutane frå Åmdalen i Ørsta. Filmen vert vist for publikum for første gong under Forskingsdagane – på Studenthuset Rokken.

– Det er moro at premieren er lagt til Forskingsdagane, synest Tangen.

Spennande samtalar

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda er glad for å kunne vise fram ein del av det omfattande forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda – og eg håper resultatet blir mange spennande samtalar om fag og forsking, seier Roppen.

Les meir om to av arrangementa på den nasjonale nettsida for Forskingsdagane:

http://www.forskningsdagene.no/artikler/interaktiv-kaffekonsert-i-orsta-sammenheng-mellom-smak-og-lyd
http://www.forskningsdagene.no/artikler/molekylaer-gastronomi-workshop-i-alesund

Del på