Vellykka utviklingsprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- At eg kan ligge heime å kommunisere med andre, og kanskje være til nytte for

andre, er med på å gi meg livskvalitet, fortalde ein av brukarane etter gjennomføringa av kurset.

- Temaet for prosjektet har vore å gi kronisk sjuke eit fleksibelt, geografisk uavhengig og kvalitetssikra tilbod for å lære meistringsstrategiar, forklarar Stokken.

stokken

Nettbasert kurs
Prosjektet har fått namnet Lev eit friskare liv – på nett, og handlar om å omdanne eit ordinært samlingsbasert kurs til eit reint nettbasert kurs. Utviklinga byggjer på Chronic Disease Self Management Program frå Stanford University. Dette er det pasientopplæringsprogrammet i verda som det er forska mest på.

Tiltaket er diagnoseuavhengig, finnast på ei rekkje språk og er eit tillegg til anna behandling. Kurset inneheld mellom anna emne som teknikkar for å handtere fatigue, frustrasjonar, smerte og isolasjon, treningsteknikkar og kommunikasjon med vener, familie og helsepersonell.

Den nettbaserte versjonen er utvikla på grunnlag av teoretisk tilnærming, erfaringar frå andre nettbaserte opplæringstiltak og praktisk gjennomprøving av tiltaket. Det er såleis samla mykje erfaringar frå Høgskulen i Volda inne i opplegget.

Bakgrunnen for prosjektet er eit ønskje om å gjere det enklare å omsetje ord til handling. Dette har ført til ei omfattande tilpassing til norsk språk og kultur og eit høgt fokus på bruk av grupper. Eit sentralt tema for samhandlinga i gruppene er såkalla handlingsplanar. Dette kan seiast å vere nyårsforsett som er meint å vare i ei veke. Desse vert delt mellom deltakarane, noko som både forpliktar og gir støtte.

Hausten 2004 gjennomførte ein prøvedrift med 2 kurs som hadde til saman 78 deltakarar fordelt på 8 grupper.

Resultat så langt

- Vi er ikkje ferdige med evalueringa, men noko kan vi allereie seie. Den viktigaste verdien ser ut for å vere samhandling om helse, som Stokken oppsummerar slik:

• Deling av erfaringar er viktig både i tydinga gi og få innspel. Denne prosessen hjelper deltakarane til å ta tak i sider ved sjukdommen som dei kan ha streva lenge med å finne konstruktive løysingar på.

• Mellom anna er det ein som uttaler:

Jeg har funnet ut at jeg er ganske flink til det der å være syk. Det gir trygghet i egen livssituasjon å vite det.

I det vidare arbeidet vil Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring delta i arbeidet med å finne finansiering for vidare drift. Det kan også vere relevant å utvikle kurs som er retta mot andre grupper. Erfaringane frå Lev eit friskare liv – på nett er også ein komponent i eit planlagt tiltak frå Cutrin University i Australia.

Del på