Video frå utdelinga: Walton fekk Språkprisen 2009

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

No har Språkrådet lagt ut video frå utdelinga. Du kan sjå klippa på Youtube.com/sprakradet

Sjå også video frå sjølve overrekkingada50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b, og frå takketalen av Rita Hvistendahl.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.

Bokprosjektet Flerspråklighet i skolen ved redaktøren, Rita Hvistendahl, fekk Språkprisen 2009 for framifrå bokmål i sakprosa.

Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Språkprisen var delt ut på konferansen Språkdagen 2009 på Grand Hotel i Oslo. Ida Berntsen, styreleiar i Språkrådet, delte ut prisen.

Juryen skriv dette om prisvinnarane:

«Språkprisen skal gjevast til personar, grupper eller institusjonar for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisvinnarane i år kjem frå det same samfunnsområdet, og har - på eitt vis - fleirspråklegheit som fellesnemnar.

Begge prisvinnarane får prisen for bøker som er viktige bidrag til norsk samfunns- og kulturdebatt.

Den nynorske prisvinnaren er ei bevisst og tydeleg forfattarstemme i norsk sakprosa. Gjennom to større arbeid dei siste fire åra har han vist at han kan utnytte mangfaldet i det nynorske språket i prosa. Han er akademisk og folkeleg, sakleg og personleg, nyskapande og tradisjonssikker. Gjennom dei skriftlege arbeida sine viser denne prisvinnaren i praksis også korleis eit framandspråk har vorte eit tankespråk. Prisvinnaren har sagt at han har eit lakonisk forhold til prisar, men det er ei stor glede for Språkrådet å gje Språkprisen 2009 for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa til Stephen Walton for bøkene Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle (2006) og Skaff deg eit liv. Om biografi (2008).»

Gå til eit søkeresultat med fleire treff om prof. Walton

Les også: Stephen J. Walton er tildelt Melsom-prisen 2009, (sak frå 28.05.2009)

Les meir på Språkrådet sine heimesiderda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b


Denne saka var opprinneleg publisert 11.11.2009.

Del på