Vil gjere oss meir miljøbevisst

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det var eit ungt publikum som møtte fram for å lære om korleis ein kan ta vare på miljøet. Seminaret opna med foredrag om miljø og kva ein kan gjere lokalt. Første del var særskilt retta mot ungdomskulen og vidaregåande skule.

Lokal klimaplan og gode råd
Sveinung Dimmen ved Avdeling for samfunnsfag og historie var foredragshaldar. Han snakka om klimaplanlegging og presenterte eit klimaprosjekt med ulike lokale aktørar. Foredraget var todelt, der andre del handla om kva tiltak vi som forbrukarar kan gjere for miljøet. Grønn hverdag representant, Mari Melbø Rødstøl, bidrog med eksperthjelp og gode råd.

Samarbeid på lokalt pl
an
Høgskulen har inngått eit samarbeid med Volda kommune og ni andre kommunar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane om å lage ein lokal klimaplan.
– Prosjektet skal vise kva ein lokal klimaplan skal innehalde. Vi har valt å fokusere på transport, forbruk, arealbruk og avfall. Det er viktig at planen er lokalt forankra for å sikre moblisering i arbeidet og gode utviklingsprosessar, sa Sveinung Dimmen. Han presiserte kor viktig det er med politisk tyngde, og la særskilt vekt på samarbeid som ein viktig del av planprosesen.

Klimautslepp er eit stort og komplekst problem. På nokon punkt er det ikkje nok å tenkje langsiktig og ein må ty til strakstiltak.
– Noko av viktigaste er å kartlegge eventuelle miljøutslepp i lokalmiljøet, sa Sveinung Dimmen.

Små tiltak i kvardagen
Mari Melbø Rødtstøl testa elevane sine miljøkunnskap ved å trekke fram relevant pensum i Natur og miljø. Samtlege av elevane nikka og lærarane pusta letta ut.  Mari Melbø Rødtstøl gav elevane ei rask innføring i kva som kan skje med kloden om vi ikkje skjerpar oss. Ho trakk fram det gamle ordspelet frå Gro Harlem Brundland, ”Ein må tenkje globalt og handle lokalt".

Forbruket har hatt ei drastisk auke dei siste åra. Til dømes kjøttforbruket har hatt ei auke på 20 prosent sidan nittiåra. Tilhøyrarane var skeptiske til å kutte i eige kjøttforbruk og heller ete meir grønt og lokalprodusert mat.
–  Kva skal vi gjere med alt kjøttet som blir til overs i butikkane? spurte ei av jentene.
–  Ein vil kunne dekkje matbehovet ved å leggje om til økologisk landbruk. Vi må tenkje oss godt om og vere kritiske forbrukarar. Dersom vi handlar mindre presser vi industrien til å produsere meir miljøvennleg, svara Mari frå Grønn hverdag. 

Representanten frå Grønn hverdag delte ut handlenett og klistremerke til elevane og oppmoda dei til å vere bevisste og ta enkle grep: Handle kvalitet, kjøp økologiske produkt, handle brukt, ta ut pc og mobilladarar som ikkje er i bruk, installer sparedusj, kjøp svanemerka produkt, kjøp mindre elektronikk, gå eller sykle meir og ta mindre fly. 

bildemiljo_2
Mari Melbø Rødstøl frå Grønn Hverdag meiner små tiltak i kvardagen kan betre miljøet.

Del på