Vitskapleg publisering 2009: Høg aktivitet i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi er godt nøgde med 2009-publiseringa, kommenterer rektor Jørgen Amdam. - Sjølv om det er ein liten tilbakegang samanlikna med 2008, held vi likevel eit høgt nivå. Vi skal hugse på at i fjor hadde vi ein auke på 66 %, og det kan vi ikkje forvente å ha kvart år. I år ser vi t.d. at mange av dei mindre høgskulane har ein stor auke. 

DBH-tala viser at Høgskulen i Volda har produsert 0,43 poeng pr. fagtilsett i 2009. Dersom vi samanliknar med andre statlege høgskular, gir det ein 5. plass etter Samisk høgskole, og høgskulane i Lillehammer, Narvik og Oslo.

Ser vi på berre summen av publikasjonspoengda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b, er Høgskolen i Oslo, som også er den klart største av dei statlege høgskulane, på topp med 362,5 poeng. Etter Oslo følgjer dei større statlege høgskulane, og her kjem Volda på ein 7. plass med 84,6 poeng.

 - I høve til storleiken vår målt i budsjettmidlar, kjem vi på tredjeplass etter Høgskolen i Lillehammer og Samisk høgskole, påpeikar økonomisjef Edel Vatne Roald. Tala ho viser til er basisløyving pr. publikasjonspoeng.

I 2009 er det 40 HVO-tilsette som har publisert vitskapleg. Dette er ein auke frå 2008, då det var 29 på HVO som publiserte i vitskaplege kanalar.

Samanlikna med 2008 har den vitskapleg publiseringa i UH-sektoren auka med 9 %, noko Universitets- og høgskolerådet (UHR)da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b kommenterer på si nettside. Det vert m.a. framheva at universiteta og høgskulane no bidreg med meir enn 12 000 nye vitskaplege publikasjonar årleg.

 25f1f271a86100a5f5a0c87fa903e4f459ed2853 3f9c2a483119d3d290b34e13f1896bc6c30f054c abb6a1dd6490cb6669295c219308035985dec7c4 ecb8ccadf1f052163da727de307023214fa1c00d 

665cd93eb87cce9f1b005f5f2097df5f97e0c354

 5170665202b7cedd6e0c6e18892f06ff5c35c23f

 a1cb0bab098b9ebcb36724d10357b0d2905a901d 10915d4829a0baa955a1f0ae1eb1bc917583f130 69174d35f25d6560342fc71013a2fbe7f71e4870  6ac8e37096c2a0f5fdd15dd3d3b2183e2105e2e4

 Eit knippe av publikasjonar frå 2009 der HVO-tilsette har publisert.

Meir informasjon om vitskapleg publisering finst på denne HVO-nettsida (nedst)
http://www.hivolda.no/index.php?ID=9350 

All vitskapleg publisering er registrert i Bibsys Forskdok:



 

Del på