Volda-forskarar med bok om tilpassa undervisning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det har teke si tid, seier professor Haug om forskingsprosjektet. Heile 27 klassar i Møre og Romsdal har vorte observert, og kvar klasse har vorte observert i to veker. Til saman vert det 270 dagar, som vil seie at ein har datamateriale for nesten halvanna skuleår.

- Det er eit ganske omfattande datamateriale som ligg til grunn, seier Haug.

- Vi har brukt observeringsskjema med 50 kategoriar, og dei kategoriane har vi sjekka kvart femte minutt. I mellom dei intervalla har vi notert det som har gått føre seg i klasserommet.

- På den måten har vi fått både kvantitativt og kvalitativt materiale, og det er eit stort materiale som ligg til grunn, seier Haug.

Ulikt fokus

Dei seks forskarane (Randi Myklebust, Leif Bjørn Skorpen, Jorunn Aske, Bente Vatne, og Randi Lothe Flemmen, og Peder Haug) har hatt ulikt fokus i klasserommet. Desse områda har ein sett nærare på: Det generelle (det vil seie kva ein brukar tid på og på kva måte), norsk, matematikk, engelsk, leik, og tilbodet for språklege minoritetar.

- Men sjølv om vi har hatt kvart vårt fokus, har vi samla inn data i fellesskap, understrekar Haug.

- Har det vore viktig?

- Når ein ikkje er spesialist i matematikk, så er det kanskje ikkje så enkelt å samle inn data for nett det formålet, men det har fungert greitt. Det har i alle høve vore viktig å ha diskusjonen mellom personane frå dei ulike fagdisiplinane. Det har vore utbytterikt å samtale tverrfagleg, seier Haug.

- Men er det ikkje eit metodisk problem å vere til stades i klasserommet? Verkar ikkje det inn på korleis ein oppfører seg?

- Jau, det er sjølvsagt eit metodisk problem. Men dersom lærarane skulle lagt vekt på at vi var der, så hadde dei nok ikkje klart å organisere aktivitetane i klasserommet. Og tilbakemeldingane vi har fått, er at dei har gløymd at vi er der og at det ikkje har spelt nokon rolle, seier Haug.

- Det er klart at ein lærar kanskje kan spele for galleriet i ein time eller to. Men han klarer det ikkje i 14 dagar, poengterer Haug.

- Dei lærarane vi har hatt å gjere med, har vore veldig opne og gjeve mykje av sjølve. Det har vore lærerikt.

Lærarane løyser undervisningssituasjonen på mange måtar

- Kva er hovudkonklusjonen i forskingsprosjektet? Kva har de funne ut?

- Det er klart at det er eit hovudproblem å formidle dette, for det er vanskeleg å løfte fram ein felles konklusjon frå alle seks, seier Haug.

- Men det som går att, er kor krevjande undervisningssituasjonen er, og at læraren løyser dette på svært ulike måtar.

- Dette inneber at det er vanskeleg for oss på førehand å seie at den eine måten å gjere det på er betre eller dårlegare enn den andre. Det er til dømes ei utbreidd oppfatting at kateterundervisning ikkje er bra, men vi har møtt mange lærarar som har undervist fantastisk frå kateteret, seier Haug.

- I tillegg fann vi ut at det var ulik tidsbruk på det faglege. På det meste var 70 prosent av tida brukt til fag, på det minste 30 prosent.

- Det går altså føre seg mykje anna i begynnaropplæringa for at det skal gå rundt. Og dette tek ein lite høgde for når ein omtalar verksemda i grunnskulen. Mykje av arbeidet handlar om ikkje-faglege ting. Det handlar om mellommenneskelege aspekt, som ein som lærar også må vere god på.

- Skal du vere god som lærar, må du både ha fagleg og pedagogisk kompetanse, seier Haug.

- Kva meiner du med at ”det skal gå rundt”? At ein skal klare å fylle ut timen?

- Nei, tvert i mot. Det handlar om at det skal fungere i klasserommet. Små barn skal jo kle på seg, dei skal på toalettet, det oppstår konfliktar, dei forstår ikkje, osv. Det er veldig mykje slikt. Elevane må lære seg å verte elevar, og vi synest det var overraskande mykje verksemd av denne typen, seier Haug.

- Kven vil denne boka vere interessant for?

- Den vil vere interessant for lærarar, lærarstudentar, og alle som arbeider med utdanning, seier Haug.

”Begynnaropplæring og tilpassa undervisning” er for tida under trykking, og vil snart vere tilgjengeleg frå Caspar Forlag.

peder_haug_kupp_prosjekt

Professor Peder Haug med omslaget til den nye boka "Begynnaropplæring og tilpassa undervisning". Til saman seks forskarar ved Høgskulen i Volda har vore med på dette prosjektet, og Haug seier at det er eit stort materiale som ligg til grunn. - Dette er ei viktig bok, fordi mykje av det som vert formidla i lærarutdanninga dreier seg om kva som bør skje, og ikkje kva som faktisk skjer, seier Haug.

Del på