Volda-historikar med professor-opprykk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Melle har i hovudsak arbeidd med moderne historie, for det meste 1900-talet. Tematisk har arbeida hans krinsa rundt feltet kulturhistorie, men òg regional økonomi og industrielt entreprenørskap. Dei siste åra har Melle òg arbeidd med fiskerihistorie, og arbeidet vart nyleg publisert i eit praktverk om havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Melle leverte 15 vitskaplege arbeid i søknaden sin, men det vart lagt mest vekt på dei større arbeida hans. I konklusjonen til dei tre professorane i kommisjonen heiter det:

”Melles faglige produksjon er omfattende og holder et gjennomgående høyt nivå. Det faglige nivå kommer også til uttrykk ved at flere arbeider er publisert i renommerte tidsskrift med referee-ordning. Tematisk har produksjonen en betydelig variasjonsbredde, samtidig som dybden ivaretas.”

Kommisjonen skriv også om doktorgraden hans:

”…utvilsomt et akademisk sterkt arbeid, som ikke minst imponerer med sitt mangfold og med sitt helhetlige grep, der teori og empiri er mønstergyldig integrert.”

- Dette er ei formulering som går meg rett til hjartet, seier Melle.

 

Doktorarbeid utan så mykje stipend

Melle arbeidde med doktoravhandlinga i tre-fire år, og den nesten 500 sider lange boka med 1527 fotnotar låg føre i 1999.

- Det spesielle med arbeidssituasjonen undervegs var nok at eg ikkje hadde noko særleg stipend. Så det var for det meste FoU-arbeid og fritida som mona her, seier Melle.

Melle fortel også at arbeidet med doktoravhandlinga var noko han vart spurt om å ta på seg av tidlegare rektor Jon Tvinnereim.

- Det var eigentleg eit tema som var litt framandt for meg, så eg nølte litt og lurte på om eg skulle gå inn på dette feltet, seier Melle.

Doktorgradsavhandlinga tek for seg kultursoga til Volda, og korleis ein nytta seg av den lina av kulturell og symbolsk kapital som fanst for å argumentere for å legge distriktshøgskulen hit.

- Det var jo eigentleg tenkt at desse skulane skulle leggast til byane, seier Melle.

- Men ein hadde dyktige lobbyistar som kopla seg til nynorskrørsla, og ein profilerte Volda som nynorsken sin symbolstad. Dette slo gjennom i Stortinget i 1969, seier Melle.

 

 

melle520

 

Historikar ved Høgskulen i Volda, Oddbjørn Melle, har fått professor-opprykk i stillinga si.

Del på