Workshop om temaet ”Kristne migrantar i Norden”

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

Tysdag 24. og onsdag 25. mars samlar Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og Møreforsking femten forskarar frå Noreg, Sverige og Finland til workshop ved Høgskulen i Volda om temaet «Kristne migrantar i Norden». 

I august i fjor etablerte forskarar frå Kristiansand, Oslo og Volda eit norsk nettverk for studium av kristne innvandrarar. Samlinga i Volda er det første konkrete prosjektet til dette nettverket. I neste omgang er det meininga å gi ut ein antologi med artiklar om emnet.

Studiar i feltet religion og migrasjon har i Noreg hittil for det meste handla om islam og muslimar. Men dei fleste innvandrarane kjem frå ein kristen kulturbakgrunn. Mange finn seg til rette i katolske kyrkjelydar, pinseforsamlingar og andre frikyrkjer. Andre grupper skipar sine eigne forsamlingar.

For mange innvandrarar speler religion og religiøse fellesskap ei viktig rolle. Her finn ein meining, tryggleik og fellesskap. Kanskje kan religiøse institusjonar også bidra til å utvikle nettverk som er viktige for å finne arbeid eller bustad, lære språk eller kome til rette med det nye samfunnet på andre måtar. Likevel har dette vore eit understudert område i norsk og europeisk migrasjonsforsking.

Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen har oppretta forskingsgruppa «Religion i regionen» for å studere religion og migrasjon i eit regionalt perspektiv. Førebels har gruppa to prosjekt i gang, stipendiat Hildegunn Valen Kleive sitt PhD-prosjekt om tamilsk ungdom på Nordvestlandet og prosjektet «Ora et labora. Katolske arbeidsinnvandrarar på Sunnmøre», det siste i samarbeid med Møreforsking.

Tilhøyrarar er velkomne, men av omsyn til plassen ber vi om påmelding til Anders.Aschim@hivolda.no.

Program

Kontaktperson:

Professor Anders Aschim, AHL.

Anders.Aschim@hivolda.no

Telefon 7007 5198/975 65 875

Del på