Studer mediefag i Volda!

   

Studer media og journalistikk i Volda!

Tett samarbeid med bransjen, det nyaste utstyret og praktisk retta undervisning gjer at studentane frå Volda er attraktive i mediebransjen. Høgskulen i Volda har utdanna anerkjente mediefolk, journalistar, animatørar og kommunikatørar i over 50 år. Undervisninga foregår i eit topp moderne mediehus. 

 

A practical Media master's degree, where students from the various media professions meet.

Mediefaga har om lag 500 studentar fordelt på dei ulike studieretningane. I undervisninga blir det lagt vekt på at teori og praksis går hand i hand – dette er mogleg på grunn av dei gode interne og eksterne praksisordningane. Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både her i Noreg og i utlandet – som kjem studentane til gode både i undervisning og når dei skal ut i praksis og skaffe seg jobb.

Mediefag

  

Randi Fuglehaug
Redaktør i Dagbladet eller kanskje jobb i utlandet? Bli med når Randi fortel om kontaktane, praksisen og moglegheitene du kan oppnå ved å studere journalistikk på Høgskulen i Volda. Her kan du høyre podkasten.


Gode grunnar til å studere mediefag i Volda:

Mykje praksis: Du har tilgang på utstyr 24 timar i døgnet hos oss. Vi har mykje internpraksis og særs gode avtalar for ekstern praksis. Vi opplever at studentane våre er erfarne når dei er ferdig utdanna.

Topp utstyr og spesialrom: Utstyret du har tilgang til hos oss tilsvarar det du ville brukt i jobb. Vi har radio- og tv-studio, animasjonsverkstad og alt du treng av spesialrom for å bli god og ha det kjekt. 

Tett samarbeid med bransjen og godt nettverk: Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både i Noreg og i utlandet. Det betyr også at vi har mange dyktige gjesteforelesarar på besøk hos oss, og at du får gode kontakter gjennom studietida. Også medstudentane dine vert verdifulle kontakter, i tillegg til at du mest sannsynleg vil få vener for livet. 

Studieopphald i utlandet: Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling. På campus har vi mange utanlandske studentar. I løpet av medieutdanninga kan du velje å studere i utlandet – vi har mange aktuelle samarbeidspartar. Les meir om utveksling her.

Topp moderne mediebygg: Vi har et mediebygg som er tilpassa framtida og bere få år gammalt. Her er mediefagstudentane så heldig å ha si undervisning.

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under her.