Erfaringsutveksling med kjend skodespelar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sist torsdag var studentar frå drama/teater og musikk i Ulsteinvik for å sjå "Andvake", som er ei musikalske forteljing med Svein Tindberg som forteljar og Benedicte Maurseth som hardingfelespelar.  Taran Eide Bergsland studerer drama/teater, og han likte framføringa av stykket svært godt.
– Det var ei god oppleving. Eg har aldri før sett gammal forteljartradisjon der ein forteljar går inn i alle rollene. Svein Tindberg formidla rollene på ein enkel måte, samstundes som det er avansert og ei fantastisk oppleving å vere publikum. Det var berre to personar på scena under heile førestellinga. Benedicte Maurseth med fele og song vart fletta inn som jenta i stykket, utan eigentleg å vere det.

977287c0983990f32209793675df4ddbc65202cd
Skodespelar Svein Tindberg og høgskulelektor Sigrun Meisingset saman med studentane i teatersalen.

d3b5d94af5c14cd5e0dd04c6b4082952b30f471a
Engasjerte og interesserte drama- og musikk studentar møtte for å utveksle erfaringar med Tindberg.


Kjend stemme
Det var ein gjeng spente studentar som venta på skodespelar Svein Tindberg, og han fann tonen med studentane straks han kom inn i teatersalen. Noko av det første han gjorde, var å ta studentane med på ei reise i fortida. 
– Lat att augo dykkar og tenk tilbake til barndommen. Med  mjuk og djup stemme seier han: "Det var sommar i Mummidalen ..."
– Ååå, seier studentane i kor og ler.

Svein Tindberg fortel kvifor han har valt å formidle Andvake som ei musikalsk forteljing.
– Målet mitt var å lage ei sær oppsetjing, og då er ein roman av  Jon Fosse eit godt utgangspunkt. Mange av dykk sit her med ønske om å bli skodespelarar eller ser for dykk ei framtid innan kunst. Det er spennande for meg vere her, og eg vil gjerne svare på spørsmål frå dykk.

Lærevillige studentar
Drama- og musikkstudentane var ikkje vanskelege å engasjere, og ein etter ein stilte dei spørsmål til Tindberg. ­– Korleis klarer du å snakke i ein og ein halv time utan å drikke vatn? Kven er eigentleg forteljaren? Korleis handterer du tekniske nervar?

Svein Tindberg tok seg god tid til å svare.
– Det er ikkje estetisk riktig å drikke vatn undervegs i framføringa av dette stykket, og eg klarer meg utan når eg må. Dette med forteljarrolla er eit viktig spørsmål. Er det Svein Tindberg eller Jon Fosse? I denne forteljinga er det Svein Tindberg som er forteljar, med tydelege brytningar i replikk og forteljing. Det er vanskeleg å formidle Jon Fosse til punkt og prikke slik som det står i manus. Det er ikkje min tekst, men mi forteljing, og eg prøver å fjerne eigen angst ved å tenkje på at eg skal fortelje ei lita historie, og deretter neste historie. Eg kan ikkje tenkje på at eg skal framføre noko i over ein time.

Del på