Godt samarbeid om brubygging mellom Nord og Sør

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I 2008 hadde ein hatt fem utvekslingsrundar med til saman 44 afrikanske og 39 norske deltakarar, melder Norleif Vik som har vore prosjektleiar og fagleg leiar for studiet.

Alle har teke i mot diplom som Fredskorpsdeltakar frå Fredskorps Noreg, i tillegg til vitnemål om halvårsstudium i Skuleretta samfunnsfag SRS105 frå Høgskulen i Volda.

 b28f610a092101ebdd8cc717782c08438b32befa

Dei fleste av utvekslingsstudentane i 2004 saman med nokre av lærararne. Sjå bilete frå fleire kull nedanfor.

e561cc0391b203ab0afe590e1556c95d6b5dfc56

Tidlegare fredskorpsstudentar frå Malawi som er komne attende for å ta Norsk for utanlandsstudentar (NUS) Mastergradsstudium i spesialpedagogikk. F.v. Twambilele, Hajira og Jennipher.

Haldningsskapande informasjonsarbeid

Som samfunnsfaglærarar i heimlandet vil haldningsskapande informasjonsarbeid i eit brubyggingsperspektiv vere ein del av deira framtidige undervising i kontakt med ei veldig stor målgruppe, så fredskorpsprosjektet har stor spreiingseffekt både i Nord og i Sør.

- Vi er svært glade for at prosjektet har fungert som planlagt og fått mange positive tilbakemeldingar, fortel Vik, som saman med Odd Ragnar Hunnes har vore Høgskulen i Volda sine representantar i prosjektet.

Høgskulen i Volda har samarbeidd med fire afrikanske lærarutdanningsinstitusjonar, to i Malawi og to i Namibia, og vore ein pionerinstitusjon i samarbeidet med Fredskorpset om lærarutdanning og brubygging.

Vi er takksame overfor alle som har vore med på å gjere opphaldet i Volda og Noreg til ei positiv og lærerik oppleving for dei afrikanske lærarstudentane. I ein engelskspråkleg rapport vil vi på same måte takke våre partnarmiljø i Afrika for deira innsats, seier Norleif Vik og Odd Ragnar Hunnes.

 

bd026553cbbb9ca5ea5a962229aa231999b74792

Alle studentane frå 2005. Norleif Vik framme til venstre og Odd Ragnar Hunnes til høgre.

0c2e809dc091b2c92e157519e29ce0473bc26106

Alle studentane frå 2006

8badf1998ad1f523a32b3fead0b6843903d436a0

Alle studentar frå 2007

505189ac477b8cd40fa6a50a558d9c25a19b23dd

Alle studentane frå 2008

Del på