Kan starte bygginga av 120 nye studenthyblar i Volda

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) får 34,8 millionar kroner av regjeringa til å bygge 120 nye hyblar på Heltne. 

– Fleire studentbustadar sikrar eit rimeleg og føreseieleg bustadtilbod for studentane, og er eit viktig tillegg til den private bustadsmarknaden, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet

Sosiale møteplassar

– SiVolda er veldig glade for å få midlar til bygging av nye hyblar, seier Jan Henning Egset, adm. direktør i SiVolda. – Vi treng eit nytt, spenstig og spennande hybelprosjekt i Volda. I tillegg til gode hyblar med eige bad, legg vi opp til å skape gode sosiale møteplassar for studentane. Ved å bygge desse hyblane legg vi også til rette for at SiVolda kan fornye dei eldste bustadane i Volda som vart bygt på 70 talet, seier han.

Miljøvennleg

Bygginga av hyblane har vore under planlegging lenge, og med den nye løyvinga kan prosjektet realiserast. Byggestart kan skje alt denne hausten. – Nybygget vert bygt i massivtre, ein byggemåte  som er solid og robust, miljøvennleg og gir eit godt inneklima, seier Egset. 

Les meir: 

Del på