Karrieredagane 2018

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

700 tiandeklassingar frå Søre Sunnmøre skal i løpet av to dagar få innblikk i moglegheiter knytt til val av framtidig utdanning og yrke i Møre og Romsdal. 

Under Karrieredagane vil lærarar og elevar /lærlingar frå dei vidaregåande skulane, representantar frå opplæringskontor, arbeidsliv i privat og offentleg sektor og høgare utdanning vere til stades.  Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som inviterer til Karrieredagar, og det er partnarskapsgruppa for Søre Sunnmøre som er ansvarlege for det faglege innhaldet. 

I heile fylket

Målsettinga er at avgangselevane skal få eit realistisk og levande bilete av utdanningsvegar og arbeids- og karrierevegar i Møre og Romsdal. Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om organisering og mangfald i regionalt næringsliv, i tillegg til å vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region. Karrieredagane skal også gi betre kjennskap og refleksjon i høve til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn. Karrieredagar vert  arrangert i Molde, Surnadal, Kristiansund og Ålesund, i tillegg til i Volda. 

Elevprosjekt

Ungdomsskuleelevane frå Søre Sunnmøre skal innom 16 postar i løpet av ein dag, der dei ulike postane er organisert i fag- og utdanningsområde, og der retningar innanfor programområde, opplæringskontor og arbeidsliv er samla. I førebuinga til arrangementet på Søre Sunnmøre er elevar ved dei vidaregåande skulane i Ørsta, Ulstein, Herøy og Volda involvert. I år vil elevar frå Restaurant- og matfag ta ansvar for servering, elevar frå Musikk, dans og drama vil stå for underhaldning, elevar frå Service og samferdsel vil vere guidar under arrangementet og elevar frå Bygg- og elektrofag har ansvar for rigging og rydding. Arbeidet er organisert i elevprosjekt som til saman utgjer ein velorganisert dugnad.

Del på