Kunst og kultur frå heile Europa

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9087ed15864779081923191091b08feee5d891af

– Det intensive prosjektet heiter Arts in Education, og har hatt ein fantasisk oppstart på Kjeldsund, fortel prosjektleiar i Volda, Marit Ulvund.
– Studentane har vist stor kreativitet og innsats i arbeid med mellom anna performance, keramikk, land-art og dans.
– Naturen, stadet og ikkje minst vêret har gleda og fascinert både studentar og lærarar.

– Vi er no godt i gong i med arbeidet vidare på campus i Volda, så alle er oppmoda om å ta turen innom Henrik Kaarstad-huset, på Auditorium A-B-C - og i Teatersalen for å sjå ulike produksjonar.
– Vi minner også om vår store avslutningsperformance torsdag 25. juni kl.18.00 på Årneset i Volda.

– I morgon, tysdag 23.6, sjølvaste jonsokaftan, blir det danseførestilling med dansarar frå Latvia på Haualeite i Volda kl. 18.30.

Les tidlegare nyhende om IP Arts in Education

Del på