Lagar konsertar med musikk frå dataspel

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I samarbeid med Opera Nordfjord går studentar ved Høgskulen i Volda inn i eit spennande prosjekt med musikk frå dataspelverda.

På nyåret skal høgskulekoret på konsertturné saman med Opera Nordfjord med spelmusikkonseptet SCORE frå Sverige. På programmet er musikk frå fantasyspel som World of Warcraft, Skyrim og Halo. Spelmusikken skildrar kampen mellom det gode og det vonde og er både vakker og lidenskapeleg, men det er sjeldan ein får oppleve denne musikken ‘live’. Helga 2.-4. mars kan ein få med seg spelmusikken framført av eit samansett kor, operaorkesteret og  sopransolist Sabina Zweiacker, dirigert av Michael Pavelich. Spelentusiast og rockar Orvar Säfström  er konferansier. 

Turnéen går til Sogndal (2. mars), Nordfjordeid (3. mars) og Ålesund (4. mars). Her kan du tinge billettar og få meir informasjon om konsertane

Øvingar startar opp onsdag 10. januar i konsertsalen, Kaarstad-huset. Ta kontakt med Elizabeth Oltedal eller Magnar Åm dersom du kan tenkje deg å bli med som songar. Alle studentar ved Høgskulen i Volda som er interesserte kan bli med.

Del på