Ledig mellombels stilling som høgskuledirektør

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Intern utlysing: Mellombels tilsetting som høgskuledirektør (01.12.2018-31.08.2019).

Høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen skal ha fødselspermisjon og det er difor ledig mellombels stilling som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda i tida 01.12.2018-31.08.2019.

Tilsette ved Høgskulen i Volda blir med dette inviterte til å søkje på stillinga.

Når det gjeld innhald i stillinga blir det vist til stillingsomtalen frå då stillinga blei lyst ut våren 2017 i styresak nr 19/2017: http://opengov.cloudapp.net/Meetings/HIVOLDA/Meetings/Details/236749?agendaI temId=201765

Lønn etter avtale.

Send søknad på e-post til: postmottak@hivolda.no innan søknadsfristen som er 13. august.

Det er styret sjølv som tilset vikar for høgskuledirektør etter innstilling frå eit innstillingsutval som styret sjølv set ned. Innstillingsutvalet vil intervjue aktuelle søkjarar.

For spørsmål om stillinga ta kontakt med høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen (tlf 99575744) eller rektor Johann Roppen (tlf 47286423).

Del på