Marianne Synnes: - Spennande planar for nytt mediehus

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Stortingsrepresentant for Høgre i Møre og Romsdal Marianne Synnes besøkte Høgskulen i Volda måndag 23. april og fekk blant anna orientering om status i planane for nybygg for mediefaga. Synnes tykte planane var spennande og merka seg spesielt at huset ikkje berre vil gi eit løft for mediefaga men også for andre fag, som lærarutdanning.

 
Dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Avdeling for mediefag orienterte om planane for nybygget med arbeidsnamnet Sivert Aarflot-huset.

Prosjektet har kome så langt at det ligg ute på databasen Doffin slik at interesserte tilbydarar kan kome med kreative løysingar ut frå romplanen som Høgskulen i Volda og Statsbygg har laga. 

Les også: Det nye mediehuset er ute på anbod

Audhild G. Rotevatn fortalde kor viktig nybygget blir for at Høgskulen i Volda også i framtida skal ha ei leiande rolle i praktiske mediefag - regionalt og nasjonalt. Og det er liten tvil om at det er framtidsretta å byggje eit mediehus. – Vi har 500 mediestudentar i dag og kjem til hausten til å få fleire hundre fleire nye studentar innanfor digital kompetanse i læring (DKL) sa Rotevatn. Søkjartala til mediefaga i Volda er også gode med auke på alle utdanningar våren 2018. 

Les også: Svært gode søkjartal til Høgskule i Volda

Marianne Synnes representerer Høgre i Møre og Romsdal og er den einaste representanten frå fylket i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Synnes sit dermed i ei nøkkelrolle i høve til høgare utdanning og forsking i Møre og Romsdal. Synnes har tidlegare vore rektor ved Høgskolen i Ålesund og viserektor ved NTNU i Ålesund. 

Les også: Marianne Synnes si nettside på Stortinget.no
 

Del på