Nye studentrepresentantar er klare

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Sara Bergland og Tormod Malvin Sæther er vald inn som studentrepresentantar i høgskulestyret for 2018/2019. Personleg vara for desse er Vilde Femsteinevik Stakseng og Allan Levi Melby.

Det vart klart etter at valet vart avslutta 7. mai.

Sara Bergland (22) går grunnskulelærarutdanning 5.-10. klasse og sa følgande før valet om kvifor studentane skule stemme på ho: Som ein studentrepresentant ved det øvste organet på skulen, vil eg sjølvsagt ta med meg eit studentperspektiv og studentane sine meiningar i sakar som blir diskutert. Eg vil vere ein open person som studentane på høgskulen veit om, og som dei kan kome med innspel til, eller berre generelt tankar. Eg har i eitt år no vore i Studenttinget som førsterepresentant for avdelinga AHL, og eg er veldig klar for å ta med meg mykje av det eg har lært og erfart der, til høgskulestyret. Mi oppgåve i styret blir viktig for studentane, og det vil eg ta på alvor.

Tormod Malvin Sæther (24) går PR, kommunikasjon  og media og sa følgande før valet om kvifor studentane skule stemme på han: Jobbe for at du og jeg som studenter får det best og enklest mulig her i Volda. Jeg vil også kjempe mot forslaget om avgiftsbelagt parkering på campus. Du skal stemme på meg fordi: Jeg mener jeg er i stand til å kjempe for dine og mine interesser på en god måte. Jeg har erfaring fra flere andre tillitsverv og er ikke redd for å si min mening. Hvis jeg blir valgt vil jeg sørge for at vi studenter blir hørt. Jeg vil også være en tilgjengelig representant som gladelig lytter til innspill og forslag fra deg.

Del på