Nytt studietilbod: Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Barnehagesektoren har dei siste åra vore i sterk vekst. Denne veksten både i tal på plassar og strukturelle endringar, har ført til eit auka behov for førskulelærarar. For å sikre kvaliteten på det pedagogiske tilbodet, er det i Lov om barnehagar fastsett utdanningskrav for pedagogisk leiarar og styrarar. Regjeringa satsar på rekruttering av førskulelærarar, og har sett av økonomiske midlar til lokale og regionale prosjekt.

Tilpassa utdanningsmodell

Høgskulen i Volda har fått i oppdrag å utarbeide ein modell for arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning. Høgskulen har vore i dialog med private og offentlege barnehageeigarar og ansvarlege på kommunenivå, for å gi informasjon om og drøfte arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning. Desse møta samla over 60 deltakar frå målgruppa, der ein drøfta arbeidsgjevar sine utfordringar, og moglegheitene for at assistentar som arbeider i barnehagar i Møre og Romsdal kan verte motiverte til å gjennomføre ei annleis deltidsutdanning over 4 år.

Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning føreset at det vert gjort partnarskapsavtale mellom barnehageeigar og HVO. Barnehageeigar har høve til å lage eigne utdanningsavtalar med tilrettelegging og stipendordning til studentane. Ein modell for studiet er utarbeida med distriktsvise samlingar, slik at studentane skal sleppe for mykje reisetid. Utover våren vert det oppfølging og nye møter mellom barnehageeigarar og HVO.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er assistentar i barnehagar og tilsette i førskulelærarstillingar på dispensasjon. Studiet er også ope for andre interesserte, men det er krav om at ein er tilsett i ein barnehage gjennom heile studietida..

For opptak til utdanninga blir det stilt same krav som til ordinær utdanning (generell studiekompetanse). Søknadsfrist vert 15. september 2009 med studiestart i november 2009.

Del på