Rekordmange gjestar til Internasjonal dag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Onsdag 7. februar er det igjen duka for Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda. Det vert eit fargerikt og mangfaldig program i Berte Kanutte-huset frå kl. 11.30-14.30. I år er det rekord i talet på internasjonale gjestar til arrangementet med over 20 gjestar frå sentrale partnaruniversitet i m.a. England, USA, Nederland, Danmark, Tsjekkia og Russland.

– Vi inviterer alle studentar og tilsette til å bli med på å markere den store internasjonale aktiviteten ved HVO og for å få inspirasjon til å reise ut. Internasjonal dag er ei unik moglegheit til å kunne stille spørsmål direkte til institusjonar ein kunne tenke seg å utveksle til. I år er eit spesielt fokus på utvekslingsmoglegheiter i lærarutdanningane, så studentar i den nye grunnskulelærarutdanninga må spesielt nytte høve til å kome på Internasjonal dag, seier Arne Humberset, Leiar for Internasjonalt kontor.

Interessant hovudgjest

Programmet for dagen startar 11.30, og det er Høgskulekoret som står for opninga saman med prorektor Jens Standal Groven. Deretter kan ein gå rundt på ulike stands for land og universitet som høgskulen har samarbeid med. I tillegg vert det musikalske innslag av talentfulle HVO-studentar og annonsering av årets studentkonkurranse.

12.00 er det duka for eit spanande foredrag i BK store auditorium. Årets hovudgjest er tidlegare student Becky Bakr Abdulla som i dag er medierådgjevar i Flyktningehjelpen. Becky fullførte ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media ved HVO i 2014 og mykje på grunn av si aktive studietid, med m.a. utvekslingsopphald og frivillig arbeid, fekk ho drømmejobben i ein av Noregs største bistandsorganisasjonar. Jobben har tatt Becky til nokre av dei mest alvorlege krise- og konfliktområder i verda, der ho har prøvd å setje søkjelyset på dei mange som har blitt tvinga på flukt. Becky fortel om si spanande og inspirerande reise i foredraget «From Volda to Fallujah – and back» (foredraget vert gitt på engelsk).

Becky Bakr Abdulla

Becky Bakr Abdulla, medierådgjevar i Flyktningehjelpen, er årets hovudgjest til Internasjonal dag.

Gratis internasjonal lunsj

Etter foredraget vert det gratis internasjonal lunsj kl. 13.15 med moglegheit til å mingle i messeområdet, før dagen vert avslutta med musikk og dans, samt trekning av studentkonkurransen. Internasjonalt kontor håpar at så mange som mogleg tek turen til Berte Kanutte-kantina på onsdag for å vere med å feire internasjonalisering ved høgskulen.

Følg med på Internasjonal dag på Facebook for oppdateringar og nyhende.

Del på