Satsing på etter- og vidareutdanning av lærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Hausten 2009 vil Høgskulen i Volda tilby ei rekkje nettbaserte vidareutdanningar retta mot lærarar. 

– Det vil bli tilbod om vidareutdanningar i faga norsk, leseopplæring og kunst og handverk. Oppdraget er ein del av regjeringa si storsatsing GNIST, der studieplassane skal vere nasjonale tilbod og i stor grad nettbaserte, seier rådgjevar Oddbjørn Nes ved Kontor for etter- og vidareutdanning. Normal studieprogresjon er 15 studiepoeng per semester, og målgruppa er lærarar i arbeid. Studia skal vere praksisretta ved å knyte yrkespraksis til studia. Ein føreset eit nært samarbeid med praksisfeltet i utvikling og gjennomføring av studia.

Behovsprøvd tildeling
Departementet finansierer utvikling og gjennomføring av studietilboda, og tildeler studieplassar til institusjonar der behovet for kompetanseheving er størst. Lærarar som får studieplass, vert frikjøpte frå undervisning, og kostnaden er eit spleiselag mellom departement (40 prosent), skuleeigar (40 prosent) og læraren (20 prosent). Hausten 2009 er det nasjonalt stilt 1300 studieplassar til rådvelde.

Departementet går inn for å løyve midlar direkte til utdanningsinstitusjonane. Tidlegare har midlane til etter- og vidareutdanning blitt tildelte til skuleeigarane, som ofte er kommunane. Den nye ordninga sikrar at institusjonane er betre i stand til å planleggje til bemanning og fagleg innhald, noko som er viktig for eit betre tilbod.

af532c53f074433b23396ebcac49f051d65d90bd
Rådgjevar Oddbjørn Nes håper på fleire oppdrag frå lærarsatsinga GNIST. 

Nettbaserte kurs
Vidareutdanningane skal i stor grad vere nettbaserte, men det er óg mogleg at det vert nokre gruppesamlingar.

– HVO har god erfaring med nettbaserte studieprogram innanfor ulike fagfelt. Fagmiljøa har teke utfordringa og vil nytte tida fram mot hausten til å førebu dette, seier Nes.

HVO har ikkje slått seg til ro med tildelinga frå regjeringa, men håper på fleire oppdrag frå lærarsatsinga GNIST. Ordninga med gratis studieplassar er eit varig system for kompetanseheving av lærarar og vil bli trappa opp dei komande åra. I dette ligg også ei forventning om tildeling av fleire studieplassar til HVO. Så her gjeld det å liggje frampå.

Etterutdanning
For 2009 har Stortinget løyvd midlar til etterutdanning av lærarar i grunnopplæringa. Det er øyremerkt 170 millionar til etterutdanning i lese- og rekneopplæring, bruk av IKT i faga, elevvurdering og rådgjeving. Det er Fylkesmannen som innstiller, og søknadsfrist er sett til 1. mai.

– Departementet har ikkje bestemt seg for kven som skal tilby etterutdanning til lærarane, så vi håper på nye oppdrag her, seier Oddbjørn Nes. – Det er stor interesse ute på skulane for å samarbeide med Høgskulen i Volda. Fagmiljøa våre har mykje å vinne på eit tett og godt samarbeid med praksisfeltet. Kritisk faktor er tilgang på faglege ressursar, avsluttar Nes.

Del på