Treng ein forsking i distrikta?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2fcd97f345cdcd4ead5e0af5cb3380cd6e93ec0d 
Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam, rektor ved Høgskolen i Molde, Solfrid Vatne og rektor ved Høgskolen i Ålesund, Geirmund Olterdal. (Foto: Smp.no)


– Desentralisert forsking? Debatten etter Stjernø-utvalet og innspela til den nye forskingsmeldinga er i stor grad prega av synspunkta til universiteta og dei sentrale forskingsinstitutta. Norge treng sterke miljø, spesialisering og sentraliserte forskings- og utdanningsmiljø for å greie oss i den internasjonale konkurransen, heiter det.

– Arbeidsdeling. Norge treng sterke forskingsmiljø og ei meir gjennomtenkt arbeidsdeling og spesialisering, men dette er ikkje eit argument for sentralisering. Tvert imot må ein heller satse på ei vel gjennomtenkt lokalisering av sterke miljø dersom ein skal opptre i samsvar med ny kunnskap om kva som fører til innovasjon, nyskaping og næringsutvikling. Dette vil truleg også vere gyldig for offentleg sektor. Derfor vil vi sterkt fråråde ei lite gjennomtenkt sentralisering av forsking og utdanning fordi dette ikkje vil take omsyn til avgjerande ny kunnskap, og til dei store variasjonane i lokale og regionale kunnskapsbehov.

Del på