Glasurbrenning med glede

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fire studentar og faglærar Sissel Midtlid har samla seg i verkstaden til kunst og handverk- avdelinga. Dei har ”juksa litt på førehand” ved å brenna leira ein gong, slik at den kan arbeidast vidare med. Alle skal dei laga minst ein keramisk gjenstand i løpet av dagen, og dei dyppar no vasar, skåler, potter og figurar i glasur med ulike fargepigment. 
  
– Ein bør halda figuren i glasuren i 10 sekund for best mogleg effekt, forklarer professor Meltem Kaya.

Somme vel å pensla på glasur i ulike typar mønster i staden, her er det berre til å la kreativiteten utfalda seg.

stor_vase_inne_i_ovnen2
Vaser i rakuomnen. Sjå bilete av prosessen frå byrjing til slutt ved å følgja linken nederst på sida.

Heimelaga rakuomn
Student Svanhild Yksnøy tek Kunst og handverkstudiet på deltid over to år og har korkje prøvd rakubrenning eller møtt Meltem Kaya før.

 - Eg tykkjer det er utruleg kjekt å få moglegheita til å læra denne måten å brenna glasur på, seier ho smørblidt, i full aktivitet med ei bøtte fylt med glasur og ein figur mellom fingrane.

Ho gledar seg til å sjå korleis rakuomnen, som ho sjølv og medstudent Janita Welle har vore med å laga, verkar når dei skal til med rakubrenninga. Yksnøy forklarer at den tønne- liknande omnen er laga av keramisk vatt. For å halda saman omnen har dei nytta ein tråd som tåler varme og i midten av loket må det vera eit luftehol. Inni omnen har dei lagt ei plate som leirefigurane skal setjast på under brenning.

Høg temperatur utandørs
Brenneklare leireobjekt og spente kursdeltakarar flyttar seg utandørs før sjølve brenninga skal ta til. Men før dei kan starta prosessen må omnen ha ein temperatur på oppimot 1100 grader celcius. Dei stiller seg på eine sida av omnen og ventar i spaning. Brått kjem eit overraskande ”puff!” frå tønna som får sjølv professor Meltem Kaya til å skvetta litt. Seksjonsleiar Thorstein Vasset som har kome til for å hjelpa med tilførsel av gass og sjølve brenninga, forsikrar at det ikkje er noko å bekymra seg for. 
 
- Gasstilførselen stod nok litt for nært tønna, meiner han, og saman med Meltem Kaya fortset han å førebu omnen.  


Erfaren kurshaldar
I det temperaturen på omnen har nådd 687 grader celcius, snakkar Meltem Kaya om ”emergency case- solutions”. Ho vil sikra seg at alt utstyr er på plass om noko skulle gå gale under brenninga. Kurshaldaren veit nok meir enn godt kva ho held på med.  I tillegg til stillinga som professor ved det anerkjende universitetet Mimar Sinan i Istanbul i Tyrkia, er ho  profesjonell kunstnar og representert ved dei største museum og galleri i Tyrkia, samt i internasjonale samlingar. Ho vitjar no Høgskulen i Volda for tredje gong.

 - Eg likar Norge og Volda kjempegodt og er glad for kontaktane mine her, smiler ho, før ho fortset førebuinga av brenninga ved å gjera klar ei tønne ved sida av rakuomnen.

Saman med ivrige studentar fyller ho tønna med sagflis og fuktige blad. 

 - Keramikken skal, etter den har vore i omnen,  over i tønna for reduksjonsbrann, før den anten leggjast i kaldt vatn eller setjast utandørs, forklarer professoren.

Nøgd og spent faglærar
Sissel Midtlid, høgskulelektor ved avdeling for lærarutdanning, er svært nøgd med dagen og ikkje minst samarbeidet med Meltem Kaya.  

- Det er gjevande å få lov til å læra av slik ei erfaren og flink dame!

Midtlid har sjølv vitja professoren to gongar ved Mimar Sinan i Istanbul, noko ho ikkje ville vore forutan. Men, akkurat no står ho utanfor Kaarstadhuset i Volda og ventar på at den store vasen hennar skal bli brent, avkjølt og klar til bruk.

1000 grader- brenninga tek til
Stemninga blant kursdeltakarane stig i takt med temperaturen i omnen og så er det endeleg klart til å leggja nedi nokre bitar. Forsiktig og iført tjukke arbeidshanskar løftar to studentar av loket på omnen som no har ein temperatur på litt over 1000 grader celcius. Ein rask Meltem Kaya grip tak i ein og ein gjenstand med ei stor, lang tong og plasserer dei ned i den oransje- glødande varmen.  Den gledelege brenneprosessen er i gang.

Rakubrenning

Rakubrenning

Del på