Ny ph.d. er godkjend: – Ein milepåle for HVO

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

No er det stadfesta: HVOs første eigne doktorgradsprogram, Utdanning, språk og kultur, er godkjent av NOKUT. Det nye tilbodet ved Høgskulen i Volda (HVO) kan vere i gang allereie i 2025.

HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

– I dag har Høgskulen i Volda nådd ein historisk milepåle. No skal vi brette opp ermane og få i gang dette svært viktige utdanningstilbodet, seier ein strålande nøgd HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) har nettopp gitt klarsignal for at HVO kan starte opp sin første eigne doktorgrad: ph.d. i utdanning, språk og kultur.

Til nokut.no seier NOKUT-direktør Kristin Vinje at dette er ei tillitserklæring til Høgskulen i Volda. (Heile akkrediteringsrapporten kan lesast her.)

Sidan 2015 har HVO samarbeidd med Høgskulen i Molde om ein felles ph.d. i helse- og sosialfag.

Kan kome i gang i 2025

Utfallet blei som høgskulen både håpte og trudde, etter positive signal frå NOKUT i desember.

Den gongen understreka rektor Tonheim at grønt lys for ein ny ph.d. blant anna vil gjere at HVO kan akkreditere tilhøyrande mastergradar sjølve, noko som kan bli heilt avgjerande for framtida til HVO.

– No kan vi endeleg juble for at alt det gode førearbeidet her ved høgskulen har bore frukt, smiler rektor Tonheim.

Etter planen kan den nye, tverrfaglege HVO-doktorgraden kome i gang allereie i 2025.

Set Volda på det akademiske kartet

Fagtilsette som kan bli involverte i det nye tilbodet ved HVO, trur det vil skape mange positive ringverknader.

Pernille Fiskerstrand.
Førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand ved Institutt for språk og litteratur. Foto: HVO.

Ein av dei er førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand. Ho er i eit professorløp og vil dermed vere aktuell som rettleiar for komande ph.d.-kandidatar på det nye programmet i Volda.

– Dette er veldig stort! HVO vil kunne utdanne doktorar innanfor eit fagfelt der regionen vår treng høg kompetanse. Dernest er det enormt viktig for framtida til HVO, både for å behalde statusen som eigen institusjon og at vi rekrutterer fagkompetanse til å kunne drifte masterprogramma våre vidare. I tillegg er det også ei stor anerkjenning av kapasiteten og kvaliteten til fagmiljøet vårt.

Fiskerstrand peikar vidare på at HVOs første ph.d.-utdanning på eigen kjøl vil stimulere til både meir og betre forsking i Volda.

– Dette vil setje oss på det akademiske kartet. Doktorgradsutdanninga vil også bety større anerkjenning av heile utdanningsporteføljen vår, og det vil skape ringverknader ikkje berre for dei ulike utdanningane, men også inn i andre sektorar i kommunen og regionen, meiner Fiskerstrand.

Eit vedtak betre enn raude roser

Etter fleire års strategisk arbeid for ei tverrfagleg forskarutdanning i Volda nærmar målstreken seg – eller rettare sagt startstreken. I Berte Kanutte-huset ved HVO er det allereie bestilt inn «doktormarsipankake» for å feire dei ferske nyhenda og lysare framtidsutsiktene.

Kor viktig den nye ph.d.-en blir, er også forsterka av større, nasjonale endringar i horisonten for utdanningsinstitusjonane i Noreg.

– Kva HVO er om ti eller tjue år, skal eg ikkje forskotere. Men som akademisk aktør kan vi no gå mot eit svært lovande terreng for vegen vidare, framhevar rektor Tonheim.

Vedtaket frå NOKUT-styret kom 14. februar, på sjølvaste valentinsdagen, så vi kan kanskje ønskje hjarteleg til lykke?

– Ja, i år får vi vel feire kjærleiken til kunnskap, vitskap og danning her i Volda, føreslår Tonheim.

Del på