Gnistrande Mendelssohn

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det var eit variert program med musikk av komponistar som Grieg, Brahms, Ravel og Mendelssohn som begeistra publikum denne kvelden. Ståande ovasjonar og bravo-rop vitna om korleis musikken og prestasjonane vart verdsett av publikum.

Grieg

Kvelden opna feiande friskt med Norsk dans av Grieg framført av pianistane Benjamin Frith og Kristian Lindberg.

a5bc845b91b1aa7f9ee8737810262cb564aa5d1d

Norsk dans av Grieg er kjenningsmelodien til NRK-programmet Norge rundt.

Ravel

c240fc574eb7463e9c30aed6b7407beb09d96bc6

Pianisten Benjamin Frith og Erlend Tyrmi (baryton) framførde dei tre songane som til saman utgjer “Don Quichotte a Dulcinee”. Desse songane var eigentleg bestilt til ein film, men Ravel arbeidde så langsamt at han miste oppdraget, som gjekk til Jaques Ibert.

Brahms 

Brahms sin nydelege klarinettrio var siste verk ut før pausen.

9e45fa7699bcd0e2770d841833da2641fb3b7d0c

Gould, Lindberg og Nyman i flott samspel. 

Mendelssohns andre strykekvintett

Fem av festivalens strykarar med Annar Follesø i spissen avslutta konserten med eit av tidlegromantikkens verkelege meisterverk – Mendelssohns andre strykekvintett.

f817a766069375927c323361e814228ab981ab07

Eit utsnitt av kvintetten som spelte strykekvintett nr. 2 av Mendelsohn.

Gode musikkopplevingar i vente

– Dette var ein veldig fint samansett konsert med eit fantastisk samspel mellom musikarane. Eg gler meg til framhaldet og ønskjer publikum på Søre Sunnmøre gode musikkopplevingar, seier Jacob Kjøde jr, ein av initiativtakarane til Sunnmøre kammermusikkfestival.

86c605f305e07c36e2191d43b8ccebe7a5455927

Musikarane som var i aksjon torsdag 3. mai.

Sjå program.

Urframføring av verk av Magnar Åm i kveld.

Del på