Ei gledeleg førjulsgåve
Det er for tidleg å sprette kaka, men Høgskulen i Volda (HVO) får etter alle julemerke godkjent sin første eigne doktorgrad: ph.d. i utdanning, språk og kultur.
Det er for tidleg å sprette kaka, men Høgskulen i Volda (HVO) får etter alle julemerke godkjent sin første eigne doktorgrad: ph.d. i utdanning, språk og kultur.
– HVO fekk nett ei fantastisk julegåve frå NOKUT. Dette er eit stort og viktig steg på vegen mot å få godkjent den nye doktorgraden vår, seier ein svært glad HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Denne veka landa nemleg eit viktig dokument frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) i Volda. Sjølv om «utkast til akkrediteringsrapport» ikkje er ein spesielt julete tittel, er sjølve innhaldet øvst på mang ei akademisk ønskeliste i studiebygda: ei klar tilråding om at HVO skal få etablere den nye forskarutdanninga ph.d. i utdanning, språk og kultur.
Ordet «utkast» gjer at den formelle jubelen ikkje skal stå i taket slett enno – men om vi samanliknar med fotball, blir dette kanskje som å gå til pause og leie kampen med temmeleg mange mål.
Eit avgjerande steg for framtida
Før vi pussar sølvtøyet til jul, kan vi riste bakteppet: I november 2022 søkte HVO om godkjenning av den nye doktorgraden. På seinsommaren 2023 var NOKUT-komiteen som har vurdert søknaden, på besøk i Volda. No har altså HVO fått eit positivt utkast til svar, og i midten av februar 2024 skal det endelege vedtaket kome. Tidlegaste oppstart blir hausten 2025, om styret ved HVO gir klarsignal.
– Det kan nesten ikkje overvurderast kor stort dette faktisk er, det at vi får vår heilt eigen doktorgrad på eigen kjøl. Gitt at vedtaket blir positivt, kan vi tildele doktorgradar sjølve, og dette kan bli heilt avgjerande for framtida til HVO, understrekar rektor Mjellem Tonheim.
Brei involvering og fagsamansetjing har drege opp
HVO-professor Per Halse har leia arbeidsgruppa som utarbeidde planane for doktorprogrammet og søknaden om akkreditering. Dei andre i gruppa er professorane Siv M. Gamlem, Marie N. Sørbø, Eirik Søvik, Tor Arne Haugen og Inger Marie Okkenhaug.
– Noko av det positive NOKUT dreg fram i rapporten, er at dei opplever at det har vore brei involvering ved HVO, og at mange her har fått vore med i prosessen – og dette er noko vi har jobba for heile vegen, seier Halse.
Det har vore viktig for HVO å sameine lærarutdanningane og dei humanistiske faga i ein fleirfagleg doktorgrad, men denne ambisjonen har også gjort arbeidet utfordrande. Halse er difor ekstra nøgd med at NOKUT gir positiv respons på akkurat dét området.
– Eg føler komiteen verkeleg har sett styrkane til HVO. Dei peikar rett nok på at vi må leggje vekt på å verkeleg gjere dette til eitt fagmiljø, men dei gir oss også honnør og oppmodar om å halde fram det gode samarbeidet mellom disiplinfag og profesjonsutdanning.
Kan opne for universitetsstatus
I rapportutkastet har NOKUT vurdert tjue ulike område, og for alle tjue har komiteen konkludert med at HVO oppfyller krava, etterfølgt av somme «bør-punkt» (ikkje krav for godkjenning, men forslag og anbefalingar om forbetringar), som HVO vil følgje opp etter kvart.
– Normalen er gjerne at ein får ein del «må-punkt» ein må rette opp i, store eller små ting som kan skape uvisse. Det er svært gledeleg at vi berre fekk «bør-punkt», og dette er jo gode tilbakemeldingar på ting som kan bli endå betre, så det er berre positivt å ta med seg, seier rektor Mjellem Tonheim.
Kva betyr dette for HVO?
– Hadde vi ikkje fått godkjent denne nye forskarutdanninga, kunne vi fort blitt den einaste høgskulen utan eigen doktorgrad, og det kunne ha blitt sårbart. Det handlar om å vere i den divisjonen der vi meiner vi høyrer heime, understrekar Halse.
Og om krava til universitetsstatus blir endra, slik regjeringa nyleg har foreslått?
– Då vil denne eigne doktorgraden gi oss moglegheita til å bli universitet. Og så blir det opp til HVO om vi skal lande på det. Det er veldig viktig, og eit stort steg, at vi då eventuelt vil oppfylle dei formelle kriteria, seier Mjellem Tonheim.
Viktig for rekrutteringa
Det er kamp om kloke hovud også i akademia. Ein ny ph.d. i utdanning, språk og kultur vil hjelpe HVO med å både tiltrekkje seg og byggje opp dyktige fagfolk.
– Den nye doktorgraden blir heilt avgjerande for å utvikle fagpersonalet vårt, drive kompetanseheving og få fleire førstekompetente i utdanningane – og det er viktig for både studiekvaliteten og forskinga vår, seier Mjellem Tonheim.
– Eg trur også det kan bli endå lettare å halde på godt kvalifiserte folk som vil jobbe på det øvste nivået, og å rekruttere nye inn. Og for forskinga vil det hjelpe oss å fremje målet om å få publisert meir vitskapleg, legg Halse til.
Blir det ei ekstra god jul i Volda no?
– Vi kan vel senke skuldrene litt ekstra i denne saka, i alle fall, ler professor Halse.
– Eg håpte nesten at rapporten ville kome etter jul, i tilfelle det var mykje som måtte på plass raskt, men det viste seg å bli den beste julegåva høgskulen kunne få, avsluttar ein smilande rektor Mjellem Tonheim, som no ser fram til å kunne feire eit endeleg vedtak i NOKUT-styret i februar.