Hans Jacob Orning med ny historiebok

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

”Mennesker i tid - Verden og Norge før 1800” er skrive for trinn to i vidaregåande skule og er et heilt nytt læreverk i historie.

HansJOrning525

Presis struktur
- Slik dei nye læreplanane no ligg føre er eldre historie redusert frå tre til to timar per veke for elevane i den vidaregåande skulen, fortel Orning.
- Dette krev ein meir presis struktur og fokus i staden for å gå for mykje ned i detaljane.

Boka har eigne oppslag om historiefaget sin eigenart, arbeidsmåtar og kjeder der eleven får visualisert tid og stad. Hovudteksten vert heile vegen støtta av tidslinjer og eit stort utval av kart. Så er omfanget og strukturane tilpassa dei to veketimane eldre historie no har til disposisjon.

Ei godt illustrert reise
- Halvparten av stoffet er no sett av til gode illustrasjonar. I tillegg er stoffet presentert meir som ei samanhengande forteljing.

”Vi inviterer deg med på en reise gjennom verdens historie de siste tusen år. De store linjene er styrende for denne boka – uten de store linjene blir historien bare løsrevne brokker av kunnskap” skriver Orning i føreordet.

Strukturen i læreverket
Verda og Noreg har kvar sin hovuddel, men same kronologiske struktur. Ein kan velje å arbeide med emne frå verdshistoria og noregshistoria parallelt eller som eigne løp.
Den samiske historia er integrert i noregshistoria.
Til slutt i kapitla har ein eigne rammer som gir globale oversyn og oversikt og samanhengar mellom Noreg , Europa og resten av verden i ulike epokar. Kvart kapittel vert avslutta med oppsummeringar og oppgåver.

Eigen nettstad
Fagnettstaden er ein utfyllande komponent til læreverket.
Det har varierte oppgåver som utviklar historisk kunnskap og forståing, og som gir innføring i historisk metode og kjeldebruk.
Les meir på Mennesker i tid | Cappelen Damm Utdanning

Mennesker i tid - Verden og Norge etter 1800 for Vg3 kjem i 2008.

Menneske i tid er gitt ut på Cappelen forlag - sjå nettstad. 
Orning_MenneskerITid525

Del på