Har ført Noregshistoria i pennen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fordi samfunnet er i stadig utvikling, endrar også stadig synet på og forståelsen av historia seg.  For to år tilbake tok difor Aschehoug forlag kontakt med professor Hans Jacob Orning, dei lurte på om han var interessert i å lage eit historisk verk om Noreg og nordmenn.

Stor interesse

Det er nesten tjue år sidan sist eit slikt verk blei publisert. Kontakten mellom professor og forlag har resultert i boksverket Norvegr, som alt har fått stor merksemd.
- I ei digital og internasjonal tid, er det likevel ein tydelig interesse for norsk historie på papir, konstaterer professoren.

8e140266d0ddd691881ac0e1e7ac1a44a9f13708
NY BOK: professor Hans Jacob Orning ved Høgskulen i Volda har vore redaktør for historieverket Norvegr.
(Foto: Per Arne Brandal)

Sett frå grasrota

«Norvegr» er norrønt og betyr vegen mot nord. Tittelen spelar på kor viktig aktiviteten langs kysten har vore for kontakta mellom menneska og utviklinga av Noreg.
 - Vi har vald å skrive historia nedanfrå og opp, med vekt på livet til folk flest. Difor er også binda delt opp annleis enn tradisjonelle historieverk, blant anna ser vi eit tydelig skilje rundt år 1840 – då formannskapslova kom og bøndene byrja å engasjere seg politisk. Det står nok også meir om norske husmødre på 1960-talet, enn om Einar Gerhardsen, fortel Orning og smiler.

Kva er Noreg?

I arbeidet med historieverket har Orning, saman med medforfattarane dr.art. Magne Njåstad og professor May-Brith Ohman Nielsen, sett på «kva er Noreg?», «kven er nordmenn?».
- Vi ser at det lokale og det universelle har vore svært viktig. Det lokale fordi familien står sentralt, og det universelle med gudstru og religion. Det er først dei siste hundreåra at staten og nasjonskjensla har vakse seg fram, røper historikaren.

Om Norvegr

  • Historieverk i fire bind.
  • Består av mange historier, samtidig som det gir oversikt over dei store linene.
  • Design og kunstnerisk uttrykk er ved Snøhetta Design og Per Spook.

Om Hans Jacob Orning

  • Har jobba ved Historisk institutt på Høgskulen i Volda sidan 2006.
  • Er professor og har doktorgrad om statsutvikling i Noreg i høgmiddelalderen.
  • Har skrive fleire lærebøker og artiklar om eldre historie.

Del på