Historikarar med praktverk om havfiskeflåten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det historiske praktverket ”Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag” er no ferdigskrive og ligg føre i to bind. Det er det første i sitt slag som tek for seg denne delen av norsk fiskerinæring.

520_4

Det er historikarane Arnljot Løseth, Atle Døssland, og Oddbjørn Melle som har arbeidd med verket ved Høgskulen i Volda. I tillegg har Ove Bjarnar og Dag Magne Berge ved Høgskolen i Molde også skrive ein del av historia.

Totalt er det snakk om eit omfang på fem årsverk og fire millionar i budsjett for å kartleggje historia til havfiskeflåten frå 1860 og fram til i dag. Bøkene er eit tingingsverk frå Aalesunds Rederiforening i høve hundreårsjubileet i år, og førre veke vart verket presentert i Ålesund av prosjektleiar Arnljot Løseth.

- Det har vore spennande, men også hardt. Det har ikkje vore mykje fritid siste året, seier Løseth, og legg raskt til:

- Men det er klart at det er inspirerande når ein kjem inn i materialet.

- Korleis har det vore å arbeide med kjeldene?

- Kjeldematerialet har vore svært omfattande, og i det ligg det ein fare; at verket ingen ende vil ta. Det er nesten ikkje eit spørsmål ein ikkje kan få svar på når ein går til primærkjeldene, seier Løseth, som saman med Døssland har skrive første delen av bindet, ”Mot fjernare farvatn”. Oddbjørn Melle har bidrege på andrebindet, som heiter ”Fra fri fisker til regulert spesialist”.

- Det har vorte skrive mykje om fiskerinæringa allment, men denne vinklinga på havfiskeflåten har ein aldri hatt. Sunnmøre er ein region som har gått framfor, og dette starta altså kring 1860, fortel Løseth.

Sunnmørsposten hadde i går ei bokmelding av verket ved Harald Kjølås, og her var det berre superlativ som vart trekte fram: ”to ruvande bøker som garantert blir standardverk for alle som skal skrive om eller vil vite meir om norsk fiskerinæring.”

I tillegg til historikarane sitt bidrag, har språkvitar Terje Aarset vore språkkonsulent, medan Harald Tafjord har vore biletkonsulent. Båe er tilsett ved Høgskulen i Volda.

Sjå PDF-fil av Sunnmørsposten sitt oppslag.

Del på