HYLLEST TIL JOSTEIN FET

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Den gløymde litteraturen

Boka presenterer eit representativt utval på 609 bøker og skrifter prenta mellom 1549 og 1840 – som alle er i privat eige på Sunnmøre.

I tillegg til å gjere greie for idè-innhaldet i dei viktigaste bokgruppene dokumenterer Fet i eit omfattande bibliografisk register korleis kvart skrift har vandra gjennom arv, gåver, auksjonar eller bytehandel. Her får han tydeleg fram den høge statusen bøker hadde i det gamle bondesamfunnet.

20db01f5a9ba9ba12692254bbdbcbb3bJostein Fet.

Under tilstellinga i Ivar Aasen-tunet på laurdag vart Jostein Fet og forskinga hans fyrst kort presentert av Sverre Tusvik frå Det norske samlaget. Deretter vart hovudpersonen intervjua av Ottar Grepstad, og nittiårige Fet imponerte igjen med stor forteljarglede og ein hugs som mange yngre kan misunne han.

Etter at Fet avslutta med Goethes «Über allen Gipfeln» og si eiga gjendikting «Over alle tindar», bar rektor Per Halse fram denne helsinga frå Høgskulen i Volda:

Gode Jostein Fet!

Den siste boka di handlar mykje om religiøs litteratur, og eg har funne å vilje opne denne helsinga med eit gamalt spørsmål frå Johannes-evangeliet: «Kan det kome noko godt frå Nasaret?» (Joh 1, 46).

Skepsisen mot at det kan kome noko verdifullt frå bygder og småbyar langt frå hovudstaden er utruleg seigliva. Utan nærare samanlikning med meisteren frå Nasaret, er det ei kjensgjerning at vår gode kollega Jostein Fet har gjort opptil fleire livsverk som provar at det kjem mykje godt frå bygdene både på Sunnmøre og andre stader.

Du tok til som lektor ved Volda lærarskule i dei tider då noverande rektor lærte å gå. Medan eg enno gjekk i barneskulen, kjempa du ein durabeleg kamp med sentrale styresmakter for å få distriktshøgskulen hit. Takka vere fleire gode krefter vart den striden krona med siger. Du vart undervisningsleiar og seinare dosent ved høgskulen.

No har me igjen eit Storting og ei regjering med sterk tru på sentralisering, store einingar og såkalla robuste fagmiljø. Retorikken handlar mykje om internasjonal konkurranse og om å slå saman høgskular og universitet til så solide institusjonar at ein kan avle fram eksellense og gjennombrotsforsking.

Du har gjennom ditt livslange verke synt at det ikkje er kjøtvekta eller nærleiken til Sinsenkrysset som er avgjerande. Du har gjort eit noggrant granskingsarbeid i tiår etter tiår – som har resultert i ein imponerande produksjon – ikkje minst i den lange perioden etter at du formelt vart pensjonist.

Kulturredaktøren i Vårt Land skreiv i ein velfortent hyllest no på onsdag: «Dei seinaste 20 åra har Jostein Fet publisert fem store bøker på til saman 2300 sider om allmugens skriftkultur frå 1500- til 1800-talet. Prestasjonen overgår Karl Ove Knausgårds Min kamp» (A.K. Walgermo i Vårt Land 24.6.2015).

Frå basen din her hjå oss har du formidla forskingsresultat som har ført til omskriving av vesentlege kapittel i kultursoga. Du har dokumentert korleis lese- og skrivekunna var mykje meir utbreidd mellom forfedrane våre enn det som tidlegare var gjengs oppfatning.

Kjære Jostein! Ved Høgskulen i Volda er me svært stolte og takksame over alt du har hatt helse og trott til å utrette, og det er ei stor glede for meg å få gje deg denne blomeoppsatsen som eit synleg uttrykk for gratulasjonane frå all oss i høgskulemiljøet!

Rektor Per Halse

Del på