Lanserer siste bandet av Aasen-serien

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I dette bandet presenterer utgjevarane ordspråk, personnamn, stadnamn frå Sunnmøre, plantenamn, dyrenamn, og – kanskje noko overraskande – sexualia. Ingenting skulle nemleg vere utelate frå samlinga til Aasen. Difor systematiserte han òg ord som hadde med kjønnslivet å gjere, skriv smp.no.

– Nesten for gale at det er slutt
Terje Aarset har redigert dei ti banda med uprenta skrifter av Ivar Aasen i lag med Bergens-professorane Jarle Bondevik (frå Sogndal) og Oddvar Nes (frå Volda). Arbeidet har teke 15 år, og serien er på til saman 2600 sider.

Til Sunnmørsposten seier dei at sjølv om dei er glade for å kunne avslutte prosjektet, er dei ikkje leie av Ivar Aasen.

– Nei, eg tykkjer nesten at det er for gale at det er slutt, seier Oddvar Nes.

Les fleire nyhende om Terje Aarset


Del på