Musikkfestival med internasjonalt tilsnitt

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ung musikar med mange internasjonale prisar

1b79203e4351e1450dd52791ffe683f7Barbara Buntrock frå Tyskland er ein av sitt lands fremste yngre musikarar.

Buntrock er etterspurd både som solist, kammermusikar og lærar. Hun har vunne ei rekkje priser i internasjonale konkurransar, mellom anna i Tokyo, Isle of Man (Primrose) og Hannover (ARD-konkurransen).

Buntrock har saman med Leipzig strykekvartett gjort kritikarroste innspelingar av Mozarts og Mendelssohns strykekvintettar. Barbara Buntrock er kunstnarisk leiar for kammermusikkfestivalen “3B” i heimbyen sin Wuppertal.

Barbara Buntrock er også medlem av Mariani klaverkvartett.

Publikum på Sunnmøre får første møtet med Barbara Buntrock i konsertsalen ved Høgskulen i Volda torsdag 3. september der ho skal spele Mozarts strykekvartett i H-dur Major  saman med Guro Kleven Hagen, Annar Follesø, og Torun Sæter Stavseng .

Ein allsidig sopran frå Austerrike

Elisabeth Breuer er ein svært allsidig sopran, med eit breitt repertoar innan både opera, kyrkjemusikk og lied.

2054d343d612e6706dee0ca7cd503e14Breuer  er tilsett ved Landestheater Linz, og har også hatt oppdrag ved fleire andre operahus, bl.a. i Wien, Augsburg og Malaga.

Breuer har vore solist med fleire orkester, blant andre Gewandhausorchester Leipzig, Concentus Musicus Wien og barokkorkesteret l´Orfeo.

Her opptrer Breuer saman med Luca Pisaroni i eit stykke frå Don Giovanni.

Første møte med Elisabeth Breuer blir under opningskonserten 3. september i konsertsalen på Høgskulen i Volda der hun skal framføre fem songar av Sibelius samen med pianisten Wolfgang Plagge.

Fransk virtuos

Den franske pianisten Julien Quentin har dei seinare åra etablert seg som ein svært etterspurd pianist, både som solist og som kammermusikar. Han samarbeider med fleire av vår tids fremste musikarar, og har hatt omfattande turnear i Europa, Nord-Amerika, Australia og Asia.

5a6156d4149608cd9ff35a91342effacJulien har spelt på ei rekkje festivalar, blant anna Verbier, Luzern, Beethovenfest Bonn, Saint-Denis, Mostly Mozart, Ravinia og La Jolla.

I tillegg til ei karriere innanfor klassisk musikk har han også prosjekt innanfor improvisasjon og elektronisk musikk, bl.a. i samarbeid med produsenten Guti og komponisten Justin Messina.

Her er han i eit herleg samspel med David Garrett og Marcus Wolf i Filharmonien i Berlin.

Første møte med Quentin på årets festival blir på Fredheim i Ulsteinvik fredag 4. september der han skal framføre Fauré sin pianokvartett nr. 1 saman med Guro Kleven Hagen, Barbara Buntrock og Torun Sæter Stavseng.

Sunnmøre kammermusikkfestival

Del på