Musikklærarar frå heile Noreg til Volda
Mangelen på kvalifiserte lærarar i dei praktisk-estetiske faga i grunnskulen, gjer at det no straumar lærarar frå ulike delar av Noreg – og til og med Spania – til Volda for å vidareutdanne seg.
Mangelen på kvalifiserte lærarar i dei praktisk-estetiske faga i grunnskulen, gjer at det no straumar lærarar frå ulike delar av Noreg – og til og med Spania – til Volda for å vidareutdanne seg.
Denne veka har lærarar som jobbar i grunnskulen hatt si første samlingsveke i Volda i vidareutdanninga Musikk 1, 1.-10. trinn. Gjennom det komande studieåret skal dei ha tre slike samlingsveker til, og til slutt sitje igjen med kompetanse og verktøy som dei kan bruke i undervisningsfaget musikk i skulen.
– Gler meg til neste gong!
Ifølge studentane var opphaldet i Volda lærerikt på mange måtar, og ikkje minst fekk dei bli kjend med andre lærarar og snakke om faglege spørsmål saman.
– Takk for fine dagar i Volda! Det har vore så kjekt og lærerikt på alle måtar. Flotte medstudentar som heiar kvarandre frem, og flinke lærarar med god og variert kompetanse. Gler meg til neste gong!, skriv ein av studentane etter samlinga.
Dosent i musikkpedagogikk Elizabeth Oltedal, som er ansvarleg for vidareutdanninga, blir svært glad når ho les slike tilbakemeldingar. Ho fortel om ei variert første samling, der studentane har fått utfolda seg mykje i praktiske øvingar.
– Vi har halde på med og lært om song- og musikkaktivitetar, folkedans, musikk på nettbrett, bruk av PA-anlegg, mikrofon og miksepult, og litt musikkteori, seier Oltedal.
God modell som fungerer i Volda
Studentane er alle lærarar i grunnskulen og underviser i alt frå 1. til 10. klasse. Dei kjem frå veldig ulike delar av landet, mellom anna, Indre Sogn, Gulen, Haugesund, Telemark, Sola, Vesterålen, Sunnmøre – og Albir i Spania!
– Det er tydeleg at mangelen på kvalifiserte lærarar i dei praktisk-estetiske faga i skulen byrjar å melde seg, og fleire skular prioriterer å få denne kompetansen. Det viser seg at det ikkje er uvanleg å ha musikkfaget på fleire klassetrinn, og då passar det å ta ei utdanning for 1.–10. klasse, seier Oltedal.
– Men kvifor kjem alle desse til Volda for å vidareutdanne seg?
– Modellen vi har utarbeidd ved Høgskulen i Volda er praksisnær med samlingar, nettleksjonar og nettmøte, og hovudpoenget for oss er at lærarane får kunnskapar, ferdigheiter og opplegg som dei kan nytte direkte i klasserommet. Vi har fått gode tilbakemeldingar på dette studiet, og eg trur kanskje at ryktet har spreidd seg?, spør Oltedal retorisk.
Vidareutdanningar med stipend eller redusert stilling
Vidareutdanninga Musikk 1, 1.–10. trinn er ein del av Kompetanse for kvalitet (KFK), som er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. KFK-tilboda har gunstige støtteordningar som gjer at lærarar kan velje mellom 126 000 kroner i stipend (30 stp.) eller vikarstøtte der ein reduserer stilling med 37,5 prosent (30 stp.).
Det finst også liknande ordning for barnhagelærarar. For studieåret 2024/25 har Høgskulen i Volda ni slike vidareutdanningstilbod for lærarar i skulen, og seks for barnehagelærarar.