Serverte kulturell frukost til ferske studentar
Det har blitt ein triveleg tradisjon ved Avdeling for kulturfag på høgskulen: Nye og gamle studentar samlar seg for mat, underhaldning og ein sosial start på studieåret.
Det har blitt ein triveleg tradisjon ved Avdeling for kulturfag på høgskulen: Nye og gamle studentar samlar seg for mat, underhaldning og ein sosial start på studieåret.
Onsdag 21. august arrangerte Avdeling for kulturfag (AKF) ved Høgskulen i Volda (HVO) den årlege frukosten for nye og gamle studentar. AKF husar studentane frå fire HVO-institutt:
Arrangementet fann stad i Kaarstad-parken framfor Henrik Kaarstad-huset, det eldste huset på campus.
Det blei koseleg stemning blant nye og gamle studentar og tilsette i parken, der studentane fekk smakfulle frukost-matpakkar, god kaffi og eit supert høve til å bli betre kjende med kvarandre.
Tett oppfølging og flust med kreative moglegheiter
Dekan Jon Are Steen heldt velkomsttalen, der han ønskte alle studentane velkommen og oppmuntra dei til å ta del i alt det spennande som skjer ved AKF.
Studieprogramleiarane presenterte seg og formidla viktige bodskap til studentane.
– Hos oss er det god lærartettleik, og du får nær oppfølging, sa høgskulelektor Tore Sørheim, som er studieprogramleiar for friskusane på idrett og kroppsøving.
Høgskulelærar Knut Einar Lillebø-Voll, som er studieprogramleiar for design, kunst og handverk, kom også med ei oppmoding til dei av studentane som skal få boltre seg mest kreativt med hendene:
– Vi har fine, nye verkstader. Jobb saman, jobb åleine. Bruk desse verkstadene – både seint og tidleg.
Studiebygda Volda kan også glede seg til dei nye AKF-studentane er i gang, for her blir det nok både konsertar, teater og utstillingar å oppleve i studieåret som kjem!