Nesten 40 prosent fleire søkjarar

Høgskulen i Volda har per 1. mars i år langt fleire førsteproritetssøkjarar til dei lokale opptaka ved høgskulen enn på same tid i fjor.

dd53fe998db983de889e9767c4b6ce70

Det lokale opptaket av studentar til Høgskulen i Volda omfattar mastergradar, vidareutdanningar, nett- og deltidsstudium. Den totale søkinga til desse studia var 1. mars i år 38 prosent høgare enn i 2015.

Mange studium opplever ein auke i søkartalet, og spesielt tydeleg er det innanfor lærarutdanningstilboda. Praktisk-pedagogisk utdanning har til dømes 83 prosent fleire søkjarar enn i fjor. Nettstudiet Norsk 2, lese- og skriveopplæring ser også ser ut til å vere populært blant framtidige studentar. Søkjartalet til dette studiet har auka med 162 prosent samanlikna med i fjor.

Arne Myklebust er dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er glad, men ikkje overraska over den sterke auken i søkinga til lærarutdanningstilboda som ligg i lokale opptak – først og fremst praktisk-pedagogisk utdanning og ulike vidareutdanningstilbod for lærarar.

– Vi har i mange år hatt eit godt og mangfaldig utdanningstilbod, både til nye lærarstudentar og dei som ønskjer etter- og vidareutdanning. Endringane i arbeidslivet gjer at endå fleire enn før ønskjer å ta ei lærarutdanning, og sterkare konkurranse om studieplassane vil gje betre lærarar, og det er bra. Men med større  løyvingar kunne vi tilbydd studieplass til fleire, godt kvalifiserte søkjarar. Spesielt gjeld dette PPU (Praktisk Pedagogisk Utdanning), der det har vore god konkurranse om studieplassane i mange år. Så langt tyder signala på god interesse for dei  andre lærarutdanningane våre. Det tek enno litt tid før vi får søkjartal frå Samordna opptak, seier Myklebust.

Del på: