Ny lærebok i norsk for ungdomsskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

j_aske_520

- Det skal skrivast bøker for alle trinna, og NEON 9 og NEON 10 er under arbeid, kommenterer Aske. Planen er å verte ferdig med bøkene for 9. klasse i haust.

Det nye norskverket, som består av studiebok og tekstsamling, er skreddarsydd for den nye læreplanen og Kunnskapsløftet.

Vekker leselysta
Målet med verket er mellom anna å vekke elevane si interesse for å lese.

- Ved å ta utgangspunkt i det eleven allereie kan om eit emne, skal han/ho få inspirasjon til å søkje meir kunnskap, fortel Aske.

- I boka vert det difor brukt tekstar som elevane kan kjenne seg att i. Alle kapitla i tekstsamlinga startar med kunstbilete og korte tekstar. Desse kan vere utgangspunkt for refleksjonar rundt dei ulike tema.

Skulen sitt viktigaste fag
Neon kastar nytt lys over skulen sitt viktigaste fag. Her møter elevane eit friskare tekstutval, ein moderne design og eit biletutval som speglar deira eiga samtid. Gjennom visuell spenning og fagleg breidd og fordjuping gir Neon elevane utfordringar i meiningsfulle norsktimar.

Neon kjem frå gresk og tyder eigentleg "det nye"
Neon tek vare på den litterære tradisjonen, men legg òg stor vekt på moderne litteratur og samansette tekstar. Verket har ei ny vinkling på samspelet mellom tekst, bilete og grafiske element. Biletutvalet gir spennande innfallsvinklar til arbeidet med å utvikle ferdigheiter og byggje kompetanse.

For kvart årstrinn er det ei studiebok, ei tekstsamling og ei ressursbok for læraren.
Elevbøkene kjem i både bokmål- og nynorskutgåve, og medforfattarane til Aske har vore Kjersti Rossland, og Siw Larsen.

Les meir om Neon 8

Del på