Nynorsksenteret med filmpakke til alle nynorsklærarar
Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda har samarbeidd med Snöball film om ein ressurspakke for lærarar som underviser i nynorsk som sidemål i grunnskulen. - No sender Nynorsksenteret ut ressurspakken på DVD til alle ungdomsskular, høgskular og universitet i landet, melder informasjonskonsulent Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.
Pakken er ei samling med kortfilmar som skal inspirere norsklærarar til å gje elevane ei betre sidemålsundervisning.
Filmane i pakken syner konkrete undervisningsopplegg som er gjennomførde på skular i Trondheim, Stavanger, Bærum, Oslo og Nesodden. Dei viser at det er mogleg å gjere nynorskundervisninga spennande, variert og lærerik for elevane. Ressurspakken skal kunne brukast i internopplæringa på skular, i etterutdanning av norsklærarar og på lærarutdanninga ved høgskular og universitet. Filmane i pakken finst òg på www.skuleipraksis.no.
Dersom du vil ha eit gratis eksemplar av DVD-pakken, kan du kontakte Nynorsksenteret på nynorsksenteret@hivolda.no.