Nyskapande prosess i Haram

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda byggjer på erfaringar frå tidlegare reformprosessar i norsk skule i vår tilnærming til Kunnskapsløftet og kunne stille med topp kompetanse innanfor dei ulike fagområda: Pål Hamre frå Nordisk institutt, Ola Einang og Frode Sætre frå Kroppsøvingsseksjonen, Bjørnar Sæterås , Arne Kåre Topphol og Frode Opsvik frå Matematikkseksjonen, Roy Andreassen og Siv M.Gamlem frå Pedagogikkseksjonen.

Roy_banner
Annbjørg Hansen frå pedagogisk senter i Haram og Roy-Asle Andreassen frå høgskulen i Volda, to sentrale personar i kursopplegget.
Foto: © Haram kommune 2003 (Jan P. Jacobsen).

Haram er ”piloten” i Høgskulen i Volda sin modell for forankring og implementering av Reform 2006 – kalla Kunnskapsløftet.. Samarbeidet starta med ”Leiing i utvikling”, ei leiaropplæring for skuleleiarar i Haram kommunehausten 2005.

Vår eigen professor Peder Haug oppsummerer i ein artikkel ”Når skulen skal bli betre” kva som nyttar når skulen skal endrast og utviklast . Haug vektlegg tre føresetnader for å lukkast:

  • Å syte for nødvendig kompetanse.
  • Innsikt i eiga verksemd.
  • Å utvikle ein kultur for kontinuerleg læring ved den enkelte institusjonen.

Ut frå dette blir det så sett i gang ei rekkje tiltak der leiaropplæring, reformrelatert kompetanseutvikling og vidareutdanning er hovudoverskriftene

Høgskulen i Volda inviterer skuleeigarar til å vere med på ulike former for utviklingsarbeid: Prosessarbeid der vi har ansvar for å gje faglege bidrag og gje hjelp til å utvikle strategiar for arbeidet lokalt. Målet er at tiltaka skal føre til ein skule som sikrar elevane og lærlingane tilpassa opplæring med høve til å utvikle sine evner og talent. Erfaringane frå arbeidet ute i praksisfeltet vil vi i neste omgang  bringe tilbake til vår eiga lærarutdannning. -Dette er ein vinn-vinn sistuasjon for alle partar, seier prosjektleiar for Kunnskapsløftet ved HVO, Oddbjørn Nes.


Lenker:

Del på