Professor Sørbø med ny bok om psykisk sjukdom

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved sykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan supplera og stundom korrigera dette.

f3dbb5dcbaaf7bfbb7e207c0cd8aff26

Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider av slike skilje. For den som sjølv kjempar med slike vanskar, kan det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt.

Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.

b11bd3bb2b2fe3fa9c76d201734a5883

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.

Sjå intervju med Dagbladet.

Del på