Randi Lothe Flemmen skriv læreverk i engelsk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

scoop_engelsk_520


Høgskulelektor Randi Lothe Flemmen har skrive læreverk i engelsk for grunnskulen sidan midt på 1980-talet. Då kom Junior Contact 4–6 (Samlaget 1983-85). Det vart godkjent også etter Mønsterplanen av 1987.

Då engelsk vart innført på småskulesteget i 1992 skreiv ho Take-off 1-2-3! (Samlaget 1993).  Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen som vart fastsett av KUF i 1996 (L97) kravde nye læreverk i alle fag, og ho vart då engasjert av Samlaget til å utvikle eit nytt verk heilt frå grunnen av for 1. – 7. klasse. Som medforfattar frå og med 6. klassesteget vart førsteamanuensis Bjørn Sørheim frå Høgskulen i Sogn og Fjordane engasjert. Arbeidet resulterte i verket My First Scoop for småskulesteget og Scoop 5–7 for mellomsteget (1997-99).

Det er derfor ein erfaren lærebokforfattar som no kjem med ny utgåve av verket for mellomsteget, revidert etter Kunnskapsløftet 2006. Den nye utgåva har fått namnet A New Scoop 5–7 og bøkene for 5. og 6. årstrinn er no ferdige. Randi er framleis eineansvarleg for 5. klasse, medan Bjørn Sørheim skriv 6. klassebøkene. Han har med seg førsteamanuensis Ion Drew frå Universitetet i Stavanger for å skrive lærarrettleiinga. 7. klassebøkene som kjem neste vår skriv alle tre saman.

Engelskundervisninga i forhold til endå ein ny læreplan
Randi, som har lang undervisningserfaring i engelsk både frå grunnskule og lærarutdanning, seier det er spennande å sjå engelskundervisninga i forhold til endå ein ny læreplan, K2006.

- Vi har teke med oss det beste i Scoop, samtidig som bøkene er heilt gjennomarbeidde og foredla i tråd med den nye læreplanen.  A New Scoop er temabasert og bygd opp omkring kompetansemåla etter ny plan. Eit mangfold av tekstar, oppgåver og aktivitetar gir både elevar og lærarar god hjelp til å arbeide mot læringsmåla i kvart kapittel.

- Eg kjenner meg priviligert som får vere med på dette, seier Randi. Ho legg ikkje skjul på at ho synest dei nye bøkene har blitt fine og enda meir innbydande og brukarvennlege enn før. Det er også utvikla ein nettstad, Scoop Universe, som er gratis for brukarane. I desse dagar arbeider Randi med å lage interaktive oppgåver som skal leggast inn på nettstaden.

Meir informasjon om A New Scoop-serien

Del på