Skuleretta tysk – nytt studium ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulestyret løyvde i siste styremøte midlar til å utvikle eit nytt studium ved Høgskulen i Volda.
- Skuleretta tysk gir 30 studiepoeng, og satsinga er ei naturleg følgje av innføring av eit obligatorisk andre framandspråk på ungdomstrinnet i 8. klasse frå hausten 2006, seier Madssen.

Deltiddstudium
- For Høgskulen i Volda vil andre framandspråk vere tysk og det nye studiet i skuleretta tysk vil bygge på den nye læreplanen, forklarar prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda.
- Studiet vert organisert som eit deltidsstudium og målgruppa er i første rekke lærarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Tradisjonar for tysk i Volda
Høgskulen i Volda har lange tradisjonar som lærarutdannar og vi ser det som viktig at lærarutdanningstilbodet omfattar alle obligatoriske fag i grunnskulen: norsk, engelsk, matematikk, krl og det andre framandspråket.
- Som lærarutdannarar vil vi vere aktive medspelarar  i utviklinga av skulen og tek sikte på å ta del i ulike former for utviklingsarbeid, prosessarbeid der vi har ansvar for å gi faglege bidrag og gi hjelp til å utvikle strategiar for arbeidet lokalt, uttrykkjer Nes.
- Vi meiner å ha mykje å tilby av det som er framme i den nye satsinga; læreplananalyse, lokal planlegging, individuelle opplæringsplanar, skulebasert vurdering, lærande organisasjonar og skuleleiing, seier han.

Vi har laga ei oversikt som syner relevante tilbod knytt til den nye satsinga; Kompetanse for utvikling.

Kontakt Oddbjørn Nes for meir informasjon: tlf: 7005 4810 eller e-post kev@hivolda.no

Del på