Volda-gruppa Quest ute med debut-cd

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Eplebilde_m_koblinger_max

- Vi vil skape eit spennande lydbilete, fortel trioen f.v.: Erik Fooladi, Geir Hjorthol, Torleif Sagstad i Quest.

Med trompet, gitar og perkusjon, i kombinasjon med loopar og elektroniske effektar er dei ute etter det dei skildrar som ei paradoksal form for musikals samhandling.

- Fri, kollektiv improvisasjon er ei paradoksal form for musikalsk samhandling.

- Samhandlinga gir musikaren rom for individuell utfalding, men stiller også krav om innordning i ein heilskap: tilpasning, lytting og raske avgjerder om neste steg i prosessen.

- Det paradoksale er at musisering innanfor så frie rammer krev minst like mykje medvit om form som ferdigskriven musikk. I den frie improvisasjonen må forma skapast undervegs, i augneblinken, forklarar dei.

Kontrastar

Ordet ”quest” tyder søking, jakt, farefull ekspedisjon, og for desse musikantane er kvar låt ei reise, der lyttaren aldri veit kva som kan dukke opp bak neste sving. Musikken på cd-en er spela inn live. Ikkje noko var skrive ned på førehand. Alt vi høyrer er improvisert fram i studio og sidan redigert ned til cd-omfang.

Musikken på plata har mange kontrastar. Somme av lyd-romma er mørke, andre lysare. Men mørke og lys er ikkje absolutte posisjonar; mørkret har ofte eit lys i seg, og omvendt. Denne musikken bevegar seg i eit spenningsfelt: ei fredfylt stemning ber gjerne i seg ei underliggande uro som brått kan kome opp til overflata og setje i gang ei ny rørsle - mot nye rom.

Ynskjer å gjere musikken kjend for fleire
Quest har eksistert sidan 2000, med litt skiftande besetning. Sidan 2002 har medlemmane av gruppa vore dei same som på plata. Men Quest har også samarbeidd med andre musikarar og utøvarar i andre sjangrar: forfattar/opplesarar og biletskaparar.

- Med den nye cd-en ynskjer vi å gjere musikken sin kjend for fleire, også for folk utanfor vårt eige distrikt, fortel gruppa.

Meir informasjon, lyttespor m.m. på www.questmusic.no

Del på