Bachelorgrad

Animasjon

Utdanninga er internasjonalt kjend, og mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og reklamebransjen er skapte av tidlegare studentar.

Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
180,0
Varigheit:
6 semester (3 år)
Studietype:
Bachelorgrad
Søknadsperiode:
01.02.2025 - 15.04.2025

Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med til dømes animert kortfilm og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning.

Sjå spelelista vår på Youtube

Følg oss på Instagram

Innblikk i studiekvardagen

Margrete Danielsens film Pearl Diver
Margrethe Danielsen føydde seg inn på ei eksklusiv liste då ho fekk heiderleg omtale for animasjonsfilmen Pearl Diver under den internasjonale animasjonsfestivalen i Zagreb.
Vis mer

Margrethe Danielsen føydde seg inn på ei eksklusiv liste då ho fekk heiderleg omtale for animasjonsfilmen Pearl Diver under den internasjonale animasjonsfestivalen i Zagreb. 

Masterfilmen til Danielsen, som er ein del av hennar Master in Media Practices, var ein av fire studentfilmar som fekk ei utmerking i den kroatiske hovudstaden.

Juryen sa mellom anna dette om filmen til Danielsen: «Pearl Diver er eit subtilt, bittersøtt, portrett av separasjon og feilkommunikasjon med ei god kjensle av timing».

Animasjonsfilmfestivalen i Zagreb er ein av dei fire store animasjonsfestivalane i verda saman med Annecy, Ottawa og Hiroshima. Årets festival var nummer 30 i rekka.

Under kan du se traileren til Pearl Diver:

Robert Bennett
Arbeid framfor datamaskina vart bytta ut med kroppslege sprell då Robert Bennett tok over undervisninga for animasjonsstudentane ei veke. – Inspirerande og nyttig, strålte studentane.
Vis mer

Arbeid framfor datamaskina vart bytta ut med kroppslege sprell då Robert Bennett tok over undervisninga for animasjonsstudentane ei veke. – Inspirerande og nyttig, strålte studentane.

– Bruk ansiktet meir, lag grimasar! Få større bevegelse med den venstre hånda. Robert Bennett gir sine velmeinte og gode råd til studentane som forsøker seg på skodespeloppgåver på gulvet i studioet på Strøm-huset. Langt i frå ei vanleg øving for dei som studerer animasjon, men til god hjelp når ein skal lage animerte filmar.

Det fortel både studentar og høgskulelærar Håvard Strand. Amerikanaren Bennett, som har budd i Paris dei 30 siste åra, hadde workshop ved namn Acting for animation med animasjonsstudentane ved Høgskulen i Volda ei heil veke i slutten av januar. Bennett er ekspert på korleis ein bruker kroppen i skodespel og har spesialisert seg på animasjon. Han er mykje brukt av animasjonsutdanningar Europa over, og reiser rundt for å dele av sin kunnskap.

Kjemperessurs 

Han er ein ettertrakta mann og difor gleda det Håvard Strand å få Bennett til Volda. – Kvart år forsøker vi å gjere noko spesielt for studentane våre i deira undervisning. Det kan vi definitivt seie vi gjer ved å ha fått Bennett hit. Han er ein kjemperessurs som studentane kan lære mykje av. Dei kjem seg opp frå PC-en og får brukt heile kroppen, smiler Strand.

Apropos kroppen. Heilt sentralt i undervisninga til Bennett og ikkje minst når skal lage animasjonsfilm med dokker. Studentane vart utfordra på å spele skodespel med lite innslag av stemme, men i staden for tydeleg vise kva dei ville ved hjelp av klart og tydeleg kroppsspråk.

Midt i blinken 

– Når vi animerer er vi jo skodespelarar, men då med dokker eller blyant. Desse øvingane er så nyttige for då får lære og kjenne på korleis skodespel er på ordentleg, seier student på tredje året, Konrad Hjeml.

Animasjon workshop
Konrad Hjemli (t.v.) følte han drog stor nytte av workshopen.

– Ja, vi blir bevisst på kva vi gjer med kroppen vår i ulike situasjonar, som vi igjen kan overføre til dokkene vi lager film med, følger medstudent Claudia Munksgaard-Palmqvist opp.

– I tillegg er det så tydeleg at opplegget hans er meint for animatørar. Han er veldig oppteken av at vi skal lage tydelege rørsler. Eg har lært tradisjonelt skodespel tidlegare, dette er noko heilt anna og midt i blinken for oss som studerer animasjon, stråler Hjemli.

– Herlege studentar

Det er nettopp den responsen høgskulelærar Strand ønskte å få.  – Studentane har verkeleg lyst opp og alle har prøvd seg på «scena». Dei skal bli flinke til å skape og regissere filmar, då er kunnskap om korleis figurar kan bevege og oppføre seg mest naturleg gull verdt.

Det er ikkje første gong Bennett vitjar Volda. For om lag 10 år sidan var han innom og underviste i tre år på rad, ein del av eit større europeisk samarbeidsprosjekt innan animasjonsmiljøet. Då var Strand sjølv student og sit inne med gode minner som blomstra opp igjen no. No får Bennett vere med på å forme nye Volda-studentar.

– Studentane her er herlege og veldig gode saman. Dei er ikkje sjenerte, vil prøve alt og lære av det. Det elskar eg!, seier amerikanaren som tydeleg har fått ein europeisk slang på uttalen sin etter alle åra med Paris som base og Europa som arbeidsplass. Karriera hans i denne delen av verda starta blant anna med arbeid for Disney utanfor Paris, der han vart plukka opp av den verdskjende animatørlegenda Glen Keane.

Animasjon workshop
Studentar i aksjon med Robert Bennett i bakgrunnen som følger nøye med.

Unik rettleiing

I Volda var det ikkje Disney-filmar Bennett skulle kome med kloke innspel til, men animasjonsstudentane sine filmar. For i tillegg til skodespel på golvet, tok Bennett seg også tid til å rettleie studentar i alle årskull på bacheloren i animasjon med filmprosjekta deira.

– Det kan vere små detaljar om skodespelet i filmane. Til dømes korleis ein figur utfører ei handling. I nokre døme har filmskaparane tenkt at ein karakter i filmen skal formidle noko, men så ser ikkje eg det – då forsøker eg å kome med råd om korleis det kan gjerast betre, forklarar Bennett.

Lærer av pioner

No har animasjonsutdanninga besøk av Morten Skallerud i to veker. Skallerud er ein pioner i norsk animasjonsbransje,  kanskje mest kjent for filmen "Året gjennom Børfjord" som er ein av dei kortfilmane som har vunne flest prisar i Noreg. Gjennom arbeidet sitt i Qvisten Animasjon i Oslo har han vore Director of Photography på Hakkebakkeskogen og alle dei nye Flåklypafilmane.

Skallerud skal leie førsteklassingane gjennom eit kurs i eksperimentell animasjon der dei for det meste vil eksperimentere med det som kan skje framfor eit kamera. Dei har lært mykje av dei grunnleggande animasjonsprinsippa og står no fritt til å utforske utanfor dei tradisjonelle grensene for korleis ein lagar animasjon. Kanskje vil dei oppdage noko nytt om sin eigen arbeidsmåte i løpet av produksjonen? Resultatet blir vist fredag 14. februar.
 

Studieinnhald

Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium, og kvalifiserer deg til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk og animasjon i kombinasjon med nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene får du individuell rettleiing og oppfølging på alle ledd i produksjonen.

 

Opptakskrav

Opptakskrava til Bachelor i animasjon er generell studiekompetanse, godkjente arbeidsprøver og opptaksprøve. Søkjarane får orientering i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein fagkomité som kallar inn aktuelle søkjarar til opptaksintervju og praktiske oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.

Praksis og utveksling i utlandet

Det vert lagt til rette for at du som student kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved våre samarbeidsinstitusjonar, til dømes i Danmark, Storbritannia, Frankrike og Australia.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisning og arbeidsformer ved animasjonsutdanninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Som student får du mykje praktisk erfaring, både i klasserommet og gjennom å vere med å arrangere filmfestivalen Animation Volda. I fjerde semester kan du velje to praktiske produksjonsemne, ha ekstern praksis eller utanlandsopphald. Det er også mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein Bachelor i animasjon kan du jobbe med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med til dømes animert kortfilm og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til Master in media practices ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterprogram i Noreg og i utlandet.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart for alle nye studentar som skal ta Bachelor i Animasjon er tysdag den 20. august.

Etter felles oppstart for heile Høgskulen i Volda vil de finne fadrane i studieprogrammet Animasjon som står klare med plakatar. De skal følgje fadrane til foajeen i Mediebygget for felles åpning for alle program knytt til Avdeling for mediefag.

Etter felles åpning blir det samling i klasserom SAA104. De vil få ein kort introduksjon til semesteret, og møte dei som underviser i studieprogrammet.

Plan for heile semesteret vil bli publisert på Canvas ved studiestart.
 

Studieplan

Animasjon - bachelor

Studieprogram: 
Animasjon - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Søknad til utdanninga skjer gjennom Samordna opptak. Det blir tatt opp inntil 15 studentar kvart år. Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Tidlegare erfaring med animasjon eller andre visuelle uttrykksformer kan vere ein fordel. I tillegg til generell studiekompetanse må søkaren kvalifisere seg gjennom innsende arbeidsprøver. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité ved høgskulen. Fagkomiteen kallar inn kvalifiserte søkarar til intervju i Volda med supplerande oppgåver. Godkjende søkjarar konkurrerer så på grunnlag av konkurransepoeng.

Om studiet

Animasjonsutdanninga i Volda er ei kunstfagleg utdanning. Utdanninga er praktisk orientert og vektlegg animasjon som fag, handverk og kunstform. Som student får du innføring i grunnleggjande prinsipp for animasjon og tradisjonelle animasjonsteknikkar, og moglegheit for eksperimentering og fordjuping i valfrie teknikkar. I tillegg lærer du om det å forska på animasjon og får kjennskap til animasjonsfilmhistoria.

Animasjonsstudiet er særskilt orientert om animasjonsfilm, men leggjer tilrette for å anvende og utforske animasjon utanfor dens tradisjonelle grensar. Studiet tar høgde for at animasjon er eit viktig element i mange ulike samanhengar, det vera seg innan populærkulturen og mediebransjen eller innan kunstfeltet og forsking. Me ser animasjon som ei eiga kunstform, som ein form for film, og som eit element i mangfaldige medium og uttrykksformer, slik som realfilm, dataspel og nettmedium.

Som del av utdanninga vil du lære å utarbeida, planlegge, animere, regissere og fullføre mindre og større animasjonsproduksjonar. Du vil også få erfaring med på å bruke animasjon til å kommunisera og utforske idear, uttrykke deg og fortelje historier. Utdanninga gir deg stor kunstnarisk fridom, og er opptekne av å gi rom for eksperimentering.

Studiet gir òg innføring i analytisk, teoretisk og historisk forståing av animasjon, med særskilt vektlegging av estetiske og etiske spørsmål: Kva for kunstnariske moglegheiter har ein som animatør, og kva for ansvar har ein som animatør i verda?

Utdanninga, som er den eldste utdanninga i animasjon på høgskulenivå i Norden, kvalifiserer studentane til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig kunstarisk uttrykk, som ein form for film, og som element i andre uttrykksformer, medium og samanhengar. Studiet kvalifiserer til å søke opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda, og andre relevante masterutdanningar i inn- og utland.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha omfattande kunnskap om

  • heile produksjonsprosessen av animerte filmar
  • prinsipp innan teikning, design og animasjon
  • prinsipp og moglegheiter innan audiovisuell komposisjon, deriblant historieforteljng og visualisering av idear
  • teoriar, begrepar og tankemåtar innan animasjonsvitskap
  • animasjonsfilmens historiske konvensjonar og moglegheiter som uttrykksform
  • animatørens og animasjonsfilmens rolle i samfunnet
Ferdigheiter

Studentane skal

  • ha grunnleggande ferdigheiter i fleire tradisjonelle animasjonsteknikkar
  • ha omfattande ferdigheiter i ein vald animasjonsteknikk (2D/teiknefilm, stop-motion eller 3D-dataanimasjon)
  • kunne ha ansvaret for produksjonen av eit animasjonsprosjekt frå preproduksjon til postproduksjon
  • kunne arbeide som animatør i eit profesjonelt studio, og både kunne arbeide sjølvstendig og i gruppe
  • kunne reflektere over animasjonsfilmens rolle i samfunnet, og over estetiske og etiske dimensjonar ved animasjon som uttrykk
  • kunne tenke kritisk om animasjon og analysere eigne og andre sine animasjonsverk i ein teoretisk kontekst
  • kunne skrive reflekterande tekstar innanfor ein akademisk sammenheng
Generell kompetanse

Studentane skal kunne

  • samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
  • kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
  • fullføre oppgåver innan ei fastsett tidsramme
  • tenke kritisk og sjølvrefleksivt om sin eigen praksis og rolle som animatør i verda
Organisering og arbeidsmåtar

Animasjonsstudiet fokuserer på praktiske animasjonsøvingar og prosjektarbeid. Studiet går over seks semester fordelt over tre år. Desse tre åra er delt opp i tre faser: Grunnleggande ferdigheiter (1. år), spesialisering (2. år) og profesjonalisering (3. år).

Det første året blir du introdusert for grunnleggande animasjonsprinsipp og forskjellige tradisjonelle teknikkar innan animasjon. Det andre året gir deg rom for å spesialisere deg i ein valfri teknikk, jobba med reelle prosjekt og reflektere over di eiga retning og rolle som animatør. Det tredje året består av ein omfattande eksamensproduksjon der du gjennomfører eit sjølvvald prosjekt. Det siste året lærer du også om organisering og arbeidsformer i animasjonsbransjen.

Dei to første semestera får du innføring i grunnleggande prinsipp innanfor ulike animasjonsteknikkar; teiknefilm på papir, digital teiknefilm, cut-out, dokkefilm (stop-motion) og 3D-dataanimasjon. Samtidig lærer du om grunnleggande begrep innanfor animasjonsvitskap, og du vil få historiske eksempel på ulike tilnærmingar til animasjon. Dette første året består hovudsakleg av forelesninger og seminarer, kurs og praktiske øvingar.

Tredje semester er prega av fordjuping, og her spesialiserer du deg i ein valfri teknikk. Størstedelen av semesteret går til å gjennomføre eit kortfilmprosjekt i gruppe. I prosjektet vel du å arbeide med 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon. I teoriundervisinga vil ein øve på å reflektere over animasjonens plass i samfunnet og over si eiga retning og rolle som animatør.

Gjennom dei tre første semestera vil det også bli halde undervising i figurteikning, som hovudsakleg består av akt- og krokiteikning etter modell.

Fjerde semester er ope for utveksling, og dei av studentane som ønsker det, kan dette semesteret studere ved eit av høgskulen sine partneruniversitet i utlandet. Dei som blir verande i Volda vil gjennom prosjektarbeid bli kjende med profesjonelle arbeidsmåtar og forset fordjupinga i vald animasjonsteknikk. Prosjektet kan vere intern praksis med oppdrag frå til dømes filmfestival, forskingsprosjekt eller andre studentprosjekt, ekstern praksis med opphald hos ei animasjonsbedrift, eller eit spesialiseringsprosjekt definert av student og rettleiar. I teoriemnet blir studentane introduserte til å sjå samanhengar mellom animasjon og andre disiplinar. Dette semesteret er det også eit valemne, der du vel fritt mellom dei tilgjengelege valemna på animasjonslinja og avdeling for mediefag. 

Femte og sjette semester består av ein omfattande eksamensproduksjon. Her får du stor fridom til å forme sitt eige animasjonsprosjekt, og til å disponere tida sjølv i samarbeid med ein rettleiar. Ein kan jobbe med eksamensproduksjonen åleine eller i gruppe. Her vil ein få inngåande erfaring med preproduksjon, produksjon og postproduksjon av eit animasjonsprosjekt. Studentane skal også skrive eit refleksjonsskriv der ein reflekterer over produksjonsprosessen og kva ein lager. Dette siste året lærer du også meir om den profesjonelle bransjen og om ulike moglegheiter som praktiserande animatør, for å klargjere dei til tida etter bachelorstudiet. I samråd med emneansvarleg og rettleiar kan ein òg, om ein vil, finna tid til praksisplass hos ei ekstern bedrift i ein kortare periode dette siste året av bacheloren.

Studiet gir ei praktisk og teoretisk innføring i alle tradisjonelle animasjonsteknikkar og moglegheit for å utforske meir eksperimentelle teknikkar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene blir det lagt vekt på den individuelle rettleiinga og oppfølging på alle ledd i produksjonen. Teoriundervisinga går i hovudsak føre seg som gruppeforelesingar, men inkluderer også seminar og skriftlege øvingsoppgåver. Det blir lagt vekt på å sjå animasjonsfilm og diskutere filmane. 

Dei oppgitte pensumlistene for kvart emne er rettleiande. Endelege pensumlister blir gjort kjende før semesterstart.

Studentane har krav på utdanningssamtale kvart semester.

Praksis

Studentane arbeider praktisk med animasjon gjennom heile studiet. I andre halvdel av bacheloren er det mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio i ein kortare periode. Studentane arrangerer filmfestivalen Animation Volda kvar haust.

Internasjonalisering

Skulen har eit godt utbygd nettverk av partneruniversitet der studentane kan søke utveksling. Animasjonsstudiet i Volda har sidan starten hatt ei internasjonal tilnærming. Tilsette har kontaktar i den internasjonale bransjen, og noko av undervisinga er på engelsk. Studentane kan reise utanlands som ein del av studiet, og internasjonale studentar kjem til Volda.

Kostnader

Kvart semester betaler ein den ordinære semesteravgifta. 

Ansvarleg
Håvard Strand