Lærte med heile kroppen av legende

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Arbeid framfor datamaskina vart bytta ut med kroppslege sprell då Robert Bennett tok over undervisninga for animasjonsstudentane ei veke. – Inspirerande og nyttig, strålte studentane.

– Bruk ansiktet meir, lag grimasar! Få større bevegelse med den venstre hånda. Robert Bennett gir sine velmeinte og gode råd til studentane som forsøker seg på skodespeloppgåver på gulvet i studioet på Strøm-huset. Langt i frå ei vanleg øving for dei som studerer animasjon, men til god hjelp når ein skal lage animerte filmar.

Det fortel både studentar og høgskulelærar Håvard Strand. Amerikanaren Bennett, som har budd i Paris dei 30 siste åra, hadde workshop ved namn Acting for animation med animasjonsstudentane ved Høgskulen i Volda ei heil veke i slutten av januar. Bennett er ekspert på korleis ein bruker kroppen i skodespel og har spesialisert seg på animasjon. Han er mykje brukt av animasjonsutdanningar Europa over, og reiser rundt for å dele av sin kunnskap.

Kjemperessurs 

Han er ein ettertrakta mann og difor gleda det Håvard Strand å få Bennett til Volda. – Kvart år forsøker vi å gjere noko spesielt for studentane våre i deira undervisning. Det kan vi definitivt seie vi gjer ved å ha fått Bennett hit. Han er ein kjemperessurs som studentane kan lære mykje av. Dei kjem seg opp frå PC-en og får brukt heile kroppen, smiler Strand.

Apropos kroppen. Heilt sentralt i undervisninga til Bennett og ikkje minst når skal lage animasjonsfilm med dokker. Studentane vart utfordra på å spele skodespel med lite innslag av stemme, men i staden for tydeleg vise kva dei ville ved hjelp av klart og tydeleg kroppsspråk.

Midt i blinken 

– Når vi animerer er vi jo skodespelarar, men då med dokker eller blyant. Desse øvingane er så nyttige for då får lære og kjenne på korleis skodespel er på ordentleg, seier student på tredje året, Konrad Hjeml.

Animasjon workshop
Konrad Hjemli (t.v.) følte han drog stor nytte av workshopen.

– Ja, vi blir bevisst på kva vi gjer med kroppen vår i ulike situasjonar, som vi igjen kan overføre til dokkene vi lager film med, følger medstudent Claudia Munksgaard-Palmqvist opp.

– I tillegg er det så tydeleg at opplegget hans er meint for animatørar. Han er veldig oppteken av at vi skal lage tydelege rørsler. Eg har lært tradisjonelt skodespel tidlegare, dette er noko heilt anna og midt i blinken for oss som studerer animasjon, stråler Hjemli.

– Herlege studentar

Det er nettopp den responsen høgskulelærar Strand ønskte å få.  – Studentane har verkeleg lyst opp og alle har prøvd seg på «scena». Dei skal bli flinke til å skape og regissere filmar, då er kunnskap om korleis figurar kan bevege og oppføre seg mest naturleg gull verdt.

Det er ikkje første gong Bennett vitjar Volda. For om lag 10 år sidan var han innom og underviste i tre år på rad, ein del av eit større europeisk samarbeidsprosjekt innan animasjonsmiljøet. Då var Strand sjølv student og sit inne med gode minner som blomstra opp igjen no. No får Bennett vere med på å forme nye Volda-studentar.

– Studentane her er herlege og veldig gode saman. Dei er ikkje sjenerte, vil prøve alt og lære av det. Det elskar eg!, seier amerikanaren som tydeleg har fått ein europeisk slang på uttalen sin etter alle åra med Paris som base og Europa som arbeidsplass. Karriera hans i denne delen av verda starta blant anna med arbeid for Disney utanfor Paris, der han vart plukka opp av den verdskjende animatørlegenda Glen Keane.

Animasjon workshop
Studentar i aksjon med Robert Bennett i bakgrunnen som følger nøye med.

Unik rettleiing

I Volda var det ikkje Disney-filmar Bennett skulle kome med kloke innspel til, men animasjonsstudentane sine filmar. For i tillegg til skodespel på golvet, tok Bennett seg også tid til å rettleie studentar i alle årskull på bacheloren i animasjon med filmprosjekta deira.

– Det kan vere små detaljar om skodespelet i filmane. Til dømes korleis ein figur utfører ei handling. I nokre døme har filmskaparane tenkt at ein karakter i filmen skal formidle noko, men så ser ikkje eg det – då forsøker eg å kome med råd om korleis det kan gjerast betre, forklarar Bennett.

Lærer av pioner

No har animasjonsutdanninga besøk av Morten Skallerud i to veker. Skallerud er ein pioner i norsk animasjonsbransje,  kanskje mest kjent for filmen "Året gjennom Børfjord" som er ein av dei kortfilmane som har vunne flest prisar i Noreg. Gjennom arbeidet sitt i Qvisten Animasjon i Oslo har han vore Director of Photography på Hakkebakkeskogen og alle dei nye Flåklypafilmane.

Skallerud skal leie førsteklassingane gjennom eit kurs i eksperimentell animasjon der dei for det meste vil eksperimentere med det som kan skje framfor eit kamera. Dei har lært mykje av dei grunnleggande animasjonsprinsippa og står no fritt til å utforske utanfor dei tradisjonelle grensene for korleis ein lagar animasjon. Kanskje vil dei oppdage noko nytt om sin eigen arbeidsmåte i løpet av produksjonen? Resultatet blir vist fredag 14. februar.
 

Del på