Internasjonal utmerking til Volda-student

Tekst: Per Straume , Foto: Skjerdump fra Pearl Diver

- Oppdatert

Margrethe Danielsen føydde seg inn på ei eksklusiv liste då ho fekk heiderleg omtale for animasjonsfilmen Pearl Diver under den internasjonale animasjonsfestivalen i Zagreb. 

Masterfilmen til Danielsen, som er ein del av hennar Master in Media Practices, var ein av fire studentfilmar som fekk ei utmerking i den kroatiske hovudstaden.

Juryen sa mellom anna dette om filmen til Danielsen: «Pearl Diver er eit subtilt, bittersøtt, portrett av separasjon og feilkommunikasjon med ei god kjensle av timing».

Animasjonsfilmfestivalen i Zagreb er ein av dei fire store animasjonsfestivalane i verda saman med Annecy, Ottawa og Hiroshima. Årets festival var nummer 30 i rekka.

Under kan du se traileren til Pearl Diver:

"Pearl Driver" by Margrethe Danielsen

Vanskeleg nålauge

Dette er andre gang ein animasjonsstudent frå Høgskulen i Volda får ei slik utmerking i Zagreb. Den eksperimentelle animasjonsfilmen Prosessor (Jan Otto Ertesvåg 1995) var den første eksamensfilmen frå Volda som vann ein internasjonal pris – og den kom nettopp i Zagreb.

– Fleire filmar frå Volda har vore vist i konkurransen der, men det er eit vanskeleg nålauge å kome gjennom. Det er veldig mange gode  studentar og animasjonsskular over heile verda som sender inn filmar til studentkonkurransen til dei største festivalane. Utmerking her heng svært høgt. Volda har hatt svært god kontakt med animasjonsmiljøet i Zagreb gjennom mange år, ikkje minst gjennom studentutveksling og fagleg samarbeid. 

Men ei studentutmerking i Zagreb gjer at animatørane og dei mange animasjonsskulane rundt om i verda, blir mint på om kvaliteten på studentane og studentproduksjonane her i Volda, fortel Gunnar Strøm, nestor ved animasjonsutdanninga ved HVO og no pensjonist.

Enda ein pris

Utmerkingane sit laust for Danielsen om dagen – ho vann også prisen for beste studentfilm under Animation Volda sist helg. Danielsen tok også bachelorgraden sin i animasjon ved HVO.

Fimmagasinet Z skriv følgande i si melding av filmen på Kortfilmfestivalen i Grimstad:

«En fin, og overraskende melankolsk pastellfarget animasjonsfilm – uten dialog – hvis minimalistiske uttrykk og melankolske toner kan minne om Tove Janssons univers.
Stop-motion-animasjonen er intrikat og gjennomarbeidet, med en sømløs blanding av teksturer og effekter./…/en film som kan gi både voksne og barn en reflektert opplevelse.»

Del på