Ny leiar i STiV

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


- Eg har mykje erfaring innafor organisasjonsarbeid og trur eg kan verta ein god leiar, sa Breivik då han stilte som einaste kandidat til leiarvervet. Breivik lover å gjera sitt til at studentane ved høgskulen involverer seg meir i studentpolitikken.

Ny kontaktansvarleg og fagansvarleg
Det vart ikkje hard kamp om stillingane som kontaktansvarleg og fagansvarleg heller. Lovise Hatlegjerde stilte som einaste kandidat til vervet som ny kontaktansvarleg, og ho tek dermed over for Hans Magne Rørvik. Til vervet som fagansvarleg meldte kun Kim Lieu seg og erstattar Kristian Kvinge Lerøy i sitt verv. Ho lover studentane å ivareta og forbetra den faglege kvaliteten ved undervisninga på høgskulen.

ole_martinus_breivik

Ole Martinus Breivik er ny leiar for Studenttinget i Volda.

Kim_lieu

Ny fagansvarleg: Kim Lieu

Lovise_Hatlegjerde

Ny kontaktansvarleg: Lovise Hatlegjerde

Del på