Nye representantar i Studentparlamentet
Det er valt nye representantar til Studentparlamentet i Volda for studieåret 2024/25.
Studentparlamentet i Volda består av elleve representantar frå dei ulike avdelingane ved høgskulen, to frå kvar av dei fire avdelingane, samt tre frie representantar. Parlamentet sitt Arbeidsutval (AU) består av fem studentar som tek seg av den daglege drifta.
Under her finn du alle dei nye representantane i Studentparlamentet.
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)
Daniel Svindseth Pettersen, Grunnskulelærar 5.–10. trinn, 5. året
Diana Leidi Flores Alvarado, Norwegian for international students (NIS)
Avdeling for kulturfag (AKF)
Sunniva Melheim Melvær, Design, kunst og handverk 1. året
Éin ledig plass.
Avdeling for mediefag (AMF)
Tale Rørvik Lejon, PR, kommunikasjon og media, 1. året
Julie Liénart, PR, kommunikasjon og media 3. året
Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH)
Nene Mariama Holt Diallo, Sosionom, 1. året
Landon Mitchell, Samfunnsutvikling 1. året
Frie representantar
Harald Rustøy (AHL), Grunnskulelærar 5-10, 2. året
Simon Andre Myrvang (ASH), Historie 1. året
Debby Rose Eliav (AMF), PR, kommunikasjon og media 3. året
1. vara: Bas Runia (ASH), Sosionom 1. året
Studentparlamentet utgjer studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda, og er av og for studentane. Dei fremjar studentane sine interesser og rettar, og er bindeledd opp til leiinga ved Høgskulen. Gjennom studentparlamentet kan du engasjere deg i studentpolitiske saker, forbetre læringsmiljøet, bidra til betre studentvelferd, delta på nasjonale kurs og konferansar og mykje meir. Ikkje minst kan du bli kjent med andre engasjerte studentar og få vener for livet!