Nyt godt av internasjonalt nettverk

Tekst: Per Straume , Foto: Ingvild Myklebust Hovden

- Oppdatert

Professor Siv Måseidvåg Gamlem er handplukka til å vere ein del av eit internasjonalt nettverk om vurdering som det viser seg at fleire tilsette ved Høgskulen i Volda kan dra fordelar av.

Det var i 2018 Gamlem fekk førespurnaden frå Utdanningsdirektoratet om ho ville bli ein del av eit nytt internasjonalt nettverk. Volda-professoren takka ja og blei med i International Educational Assessment Network – som tek for seg vurdering og vurderingsordningar i utdanning. Nettverket samlar internasjonale forskings- og policyekspertar frå små land og delstatar for å dele frå forsking og praksis, slik ein kan generere nye idear og å kunne takle problem på lang sikt i utdanningsvurdering.

Gamlem utgjer, saman med professor Kari Smith frå NTNU og to tilsette i Utdanningsdirektoratet, det norske bidraget i nettverket som tel 13 land/delstatar frå ulike delar av verda. 

Samarbeid

Mange av deltakarane i gruppa er kjende namn innan fagfeltet og rekna som sterke faglege kapasitetar. Med andre ord eit klapp på skuldra til vår representant frå Høgskulen i Volda.

– Eg er glad for å vere med der – men mest av alt glad på høgskulen sine vegne. At vi har ein representant inn i dette nettverket gir oss moglegheiter til å få til samarbeid med flinke folk internasjonalt, seier Gamlem.

Nyttig for framtida

Forsking er eit stikkord når det kjem til utbytte av slike samarbeid og nettverk. Gamlem tenker til dømes på forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar ved Høgskulen i Volda, når det kjem til samarbeid med andre frå det internasjonale nettverket.

– Ein kan forske saman, hente inspirasjon, skrive i lag og dra nytte av erfaringar og tankar på tvers av mange land. Berre eit stort pluss, tenker eg, fastslår Gamlem.

Nettverket har møttest kvar månad, der dei er inndelt i ulike grupper. Frå oppstarten i 2018 har dei møttest både i Glasgow og Dublin, no om dagen går alt føre seg digitalt. 

– Dette er eit nettverk som er kome for å bli og som ikkje har eit mandat å jobbe fram til ein viss dato. Det betyr at høgskulen kan bere frukter av dette i lang tid framover.

Produktive

Gamlem si gruppe i nettverket har det siste året arbeida med vurdering og progresjon i læring. Spørsmål om korleis realisere potensialet for vurdering for å fremje læring for alle unge i kvar skule, og kvart klasserom, er sentralt i dette arbeidet.

Denne gruppa kom nyleg ut med to vitskaplege paper; Rethinking Learner Progression for the Future og Learning Progression: Implications for Curriculum & Assessment.

– Det har vore interessant å arbeide med og er noko eg delar med kollegaer ved høgskulen som har interesse av det.

Vurdering og framtid

I gruppene i nettverket vert det også diskutert korleis ein kan endre vurderingsordningane slik at dei blir berekraftige over tid, korleis ein skal samle informasjon om korleis utdanningssystem fungerer i ulike land utan at ein har negativ innverknad på det som skjer i klasserommet, og korleis eksamen og vurderingsarbeid kan sjå ut i framtida for matche det som kan vere sentralt for læring  i det hundreåret vi er inne i.
 

Del på